Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SuSu: Betre enn frykta på Nordmøre

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mai 2020

Onsdag inviterte SuSu-prosjektet pressen til Svinvik gard for å orientere om spørjeundersøkinga om koronakrisa. Den første vart gjennomført i uke 14 og oppfølgjaren vart gjennomført denne tidlegare denne veka.  Kartlegginga skulle denne gongen innhente opplysningar og vise utviklinga over tid og korleis tiltakspakkane til regjeringa virka. Undersøkinga viste at det var stor forskjell mellom de forskjellige næringane, der enkelte opplevde normal aktivitet og andre opplevde liten eller ingen aktivitet.  Spesielt utsett er nok reiselivsnæringa – spesielt dei som er avhengige av utanlandske turistar.

Men i det store og heile er det ikkje så store problem på Nordmøre – her er det stabile næringar som ikkje er så mykje påverka av konjunkturane.  Sjølv om det var det er mange som vart permittert da koronakrisa dukka opp, så er ein stor del av disse alt tilbake i jobb. Det er viktig at ein i slike tider kan få i gang planlagde prosjekt, slik at aktiviteten kan stimulerast. Mellom anna vart Todalsfjordprosjektet nemnt som eit gryteklart prosjekt, og elles bygging av skule i Surnadal er rett i tida. 

Undersøkinga har både gledelege og skuffande resultat. – Gledeleg er det at det i andre undersøkinga er færre som fryktar at deira forma skal gå konkurs, medan det skuffande resultatet er at det er mange som meiner at statlege støtteordningar som er etablerte bommar på formålet og er byråkratiske.  Dette kan ha samanheng med at det foreløpig berre er utbetalt støtte for mars månad. Det er mange forskjellige behov for støtte, og det går an å søke SuSu om støtte for bedrifter som er råka av problem på grunn av koronakrisa. Begge medlemskommunane i SuSu-samarbeidet har bevilga ein million til bruk for slik støtte. Så for bedrifter som er råka av problem i samband med koronakrisa kan berre kome med søknad.  

Elles er det faktisk enkle tiltak vi kan gjera sjølve. Vi kan handle i vår nærbutikk, slik at vi held liv i lokale butikkar. Det bør også kommunane gjera så langt det er muleg. I tillegg kan vi feriere i eigen kommune eller i nabokommunen. Dette er i beste ånd med tanke på å unngå smittespreiing – vi er nemleg oppfordra til å reise minst muleg for å halde smittespreiinga på eit minimum.

Publisert: 20. mai 2020, 20:07