Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

80 på friluftsgudsteneste som vart Lives dag…

Jon Olav Ørsal Måndag 17. april 2017

Festdag for Live Svinvik som vart båren til dåpen under friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag.  Litt nysnø som kom natta før var forsvunne som dugg for sol, og folket kosa seg i finvêret.                

Ein kan vel kalle det tradisjon når det blir arrangert friluftsgudsteneste på Haugligardane i Todalen for 17. gong. Tradisjon er det også at det er finvêr 2. påskedag i Todalen, for i løpet av desse 17 åra så har gudstenesta vore flytta i til kyrkja på grunn av at soknerådet trudde det vart dårleg vær, men det vart det ikkje den gongen heller.

Friluftsgudstenesta var halde på Haugligardane, omkransa av snødekte todalsfjell. Foto: Jon Olav Ørsal

For familien Svinvik vart nok denne dagen spesiell. – For dottera Live vart boren til dåpen av foreldra Tore og Kristiana, saman med fadrane og med resten av familien på orkesterplass. Med sol frå blå himmel utførte vikarprest Torbjørn Brøske dåpshandlinga, og sendte velvalte ord med Live på vegen.

Etter gudsteneste som samla eit lite hundretal tilhøyrarar på denne finvêrsdagen, serverte Todalen Idrettslags trimgruppe pølser, saft og kaffe til heile hopen. Folk kosa seg i sola og hadde det ikkje så veldig travelt med å kome seg heim etter gudstenesta, og det vart ei verdig avslutning på årets påskefeiring.

Ei lite bildegalleri frå dagens friluftsgudsteneste på Haugligardane.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. april 2017, 15:53