Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

76 gikk over fjellet frå Ålvundeid til Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

Trollheimsmarsjen 2017 samla 76 deltakarar, som starta på Leikvoll stadion, og hadde målgang på Bordholmen stadion i Todalen.  Trollheimsmarsjen hadde premiere da I.L. Ulvungen og Todalen I.L. feira 100-årsjubileum i 2008 og har heile tida vore eit samarbeidsprosjekt mellom dei to idrettslaga.  Dagen starta med sol frå skyfri himmel, og sjølv om det etter kvar skya til, så vart dette ein drømmedag i fjellet.

Fin dag i fjellet – utsikt mot Grånebba. Foto: Driva/Inge Nordvik

Trollheimsmarsjen har dei fleste åra gått frå Todalen til Ålvundeid, men i år vart det snudd på flisa og starten var frå Ålvundeid og opp Børsetlia til Vardan.  Vidare over fjellet til Todalen via Ørsalsetra og ned til målgangen som altså var på Bordholmen.

– Med 76 deltakarar har vi klart å snu den negative trenden i deltakartalet, seier Jorunn Nordvik, som er leiar i trimgruppa i Todalen I.L.  På Bordholmen stilte trimgruppa mannskap som serverte nystekte bakels og graut til kaffen – og soddmiddag til dei som ønska å gjøre unna middagen.  Deltakarane som gikk over fjellet hadde det ikkje så travelt i dag. I det fine vêret tok folk det med ro og kosa seg på turen over fjellet, og det var god spredning på mannskapet ved målgangen.  Etter målgangen gikk det bussar tilbake til Ålvundeid for dei som hadde starta derfrå og hadde bilen ved Leikvoll stadion.

Ved Ørsalsetra – med Romådalen i bakgrunnen. Foto: Driva/Inge Nordvik

Bildegalleri frå turen over fjellet – alle foto i galleriet Michal Heimlund

Bildegalleri frå stadionområdet – Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. september 2017, 18:04