Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
6. februar – Samefolkets dag

6. februar – Samefolkets dag

Jon Olav Ørsal Måndag 6. februar 2012

I dag skriv vi 6. februar, og det er samefolkets dag. Vi slo opp i Wikipedia for å finne meir informasjon om dette, og der står det: «Denne dagen er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn. Datoen markerer det første samlande møtet for ulike samiske organisasjonar og aktivistar i Trondheim 6. februar 1917, med deltakar frå Noreg og Sverige.

Dette var første gong i historia at nord- og sørsamar frå ulike land samla seg til eit stort møte for å drøfta felles saker og problemstillingar. Elsa Laula Renberg sto bak både ideen og sjølve møtet, som samla over hundre deltakarar.  I 1992 gjorde samekonferansen vedtak om at 6. februar, saman med seks andre dagar i året, skulle vera offisielle samiske flaggdagar. Samekonferansen sitt vedtak i 1993 låg til grunn for Sametinget sitt vedtak om å gjera den 6. februar til Sámi álbmotbeaivi – Samisk folkedag. 

Frå 2004 har dagen vore offisiell flaggdag i Noreg, der det er påbod om å flagga med det norske flagget ved alle offentlege bygg. Det er valfritt om ein i tillegg vil flagga med det samiske flagget. Flagget er ei helsing til samane på nasjonaldagen deira».

Publisert: 6. februar 2012, 06:00