Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballglede på topp

Elinor Bolme Måndag 19. juni 2017

I går deltok knøttelaget til Todalen IL på sin aller første cup denne sesongen. Turen gjekk til Surnadal, AMFI Park og SILregncup i regi av Surnadal IL. Silregnet held seg på betryggande avstand, så det vart ei fin oppleving på kunstgrasbanen på Syltøran. Nokon for aller første gong, medan fleire av dei hadde årevis med erfaring. I alle fall to år..

Laget spela tre kampar; mot Rindal, Bøfjord/Bæverfjord og til slutt heimelaget Surnadal i klassen 7 år. Todalslaget er eit blandalag, med både jenter og gutar frå 5 år og opp til 8 år. Ei nødvendigheit for å klare å stille eit eige lag i klubben.

Laget klarte seg godt, og kunne til slutt juble over sigrar i alle tre kampane, og velfortjente deltakarpremiar som er eit naturleg høgdepunkt i denne alderen.

Under er eit lite galleri frå dagens fotballfest der 21 ulike lag var i aksjon. For enda fleire bilder av gjengen kan vi anbefale Trollheimsporten sin fyldige reportasje: Fotballfest på Syltøran

Først publisert: 19. juni 2017, 04:00 - Sist oppdatert: 18. juni 2017, 22:56