Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
56 tok turen over fjellet

56 tok turen over fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 26. august 2012

56 deltakarar starta i dag føremiddag på turen over Vardan frå Todalen til Ålvundeid. været såg slett ikkje bra ut i dag tidleg, med lavt skydekke med skodde ned til 6-700 meter og regnbyger i fjella. Men værmeldinga på yr.no var meir optimistisk, og været skulle bli betre etter kvart utover dagen. Og det slo til, for dei som gikk over fjellet kunne rapportere om fine forhold, men det var nok litt blaute myrar etter regnet som kom natt til søndag.

Det var påmelding og registrering på Bordholmen før start på den 13 km lange turen over fjellet. Turen gikk opp Ørsallia og  over Vardan (850 m.o.h.),  og fortsette nedatt Børsetlia til Leikvoll stadion. Det var i år 4. gongen at Trollheimsmarsjen vart arrangert, og deltakartalet var nok sterkt redusert på grunn av vêrtilhøva, for i 2008 vart det 210 deltakarer i strålande fint haustvêr med sol.

Trollheimsmarsjen er eit samarbeid mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og den vart arrangert første gongen da begge laga hadde 100-årsjubileum i 2008. I 2011 vart Trollheimsmarsjen avlyst, da vertilhøva var så dårlege at det ikkje var forsvarleg å sende folk til fjells.

På vegen over fjellet var det natursti. Det var eit titalls postar med forskjellig slags spørsmål som skulle besvarast. Her var det premiering til den som hadde flest rett og ein premie som vart trekt ut mellom alle som leverte svar. Sigrun Rødset var den av dei som hadde 10 rette som vart trekt ut, og Patric Børset vart trekt ut mellom alle deltakarane. Dei fekk gåvekort på kr 500 kvar.

Premiering var det også til deltakarane i Trollheimsmarsjen. Hovudpremien var eit årskort for Trollheimstunnelen. Den heldige vinnar av årskortet vart Gudrun Bele frå Surnadal, som nok må vente nokre år før ho får løyse det inn. I tillegg var det trekt ut to gåvekort på kr 500, og her vart Lisa Sæther, Surnadal  og Alf Gjersvoll, Ålvundeid  heldig vinnarar.

I.L.Ulvungen hadde ope hus på Leikvoll, der deltakarane fekk dusje og kle seg om. I tillegg var det servering av sodd med tilbehør medan dei som skulle attende til Todalen venta på bussen.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri, der det er bilde både frå starten i Todalen , turen over fjellet og frå målområdet på Leikvoll. Stor takk til Inge Nordvik som velvillig hjelpte oss med bilder frå fjellet.    Foto: Driva/Jon Olav Ørsal og Inge Nordvik.

Publisert: 26. august 2012, 17:34