Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg fine forhold i lysløypa

Elinor Bolme Måndag 27. februar 2017

Mange små og store tok turen til Tjønnmyra og det fine lysløypeanlegget som no endeleg har oppkjøyrte skiløyper. Og da ikkje endeleg fordi ingen har orka å lage spor, men fordi vinterføret til dei grader har lett vente på seg.

Skigruppa hadde ordna med varm saft til alle, og innunder den fine gapahuken kunne det være godt å kvile føtene mellom all skigåing og aking.

Under er nokre bilder frå ein triveleg ettermiddag. Alle foto ElinorB

Publisert: 27. februar 2017, 19:32