Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

5 minutt for lang omgang…

Elinor Bolme Tysdag 20. mai 2014

G12 laga Søya/Todalen og Surnadal møttes i eit fartsfylt lokaloppgjer på Bordholmen tirsdag kveld. Ein spenande og jamnspelt kamp der det sto 2-2 til pause. 5 minutt før slutt sto det 4-4, men så tok surnadalsgutane fram det lille ekstra og fekk inn heile 4 mål dei siste 5 minutta.

Det gode veret gjorde at det var godt oppmøte på Bordholmen denne kvelden, og med åpen kiosk og nystekte bakels med smørgraut var det ingen som furta nevneverdig over tapet.

Også J14 KUST møtte Surnadal denne kvelden. Dei spela på Bankslettå, og måtte også gi frå seg seieren til bortelaget. Surnadal vann 0-2, som også var resultatet ved pause. Her har vi fått tilsendt bilder frå Jonny Melkild. Dei ligg i galleriet saman med bildene frå G12 kampen.

Publisert: 20. mai 2014, 21:09