Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
4H på overnattingstur

4H på overnattingstur

Elinor Bolme Tysdag 30. august 2011

Frå laurdag til søndag arrangerte Start 4H tur til Romådalen. Det var friluftslivgruppa som var pådrivarar, noko som resulterte til ein innhaldsrik tur for dei som vart med. Gjengen vart skyssa opp lia til Haukarsteinen, der dei tok føtene fatt til dei til nådde målet som var Austistusetra.

Start 4H har sjølv 2 lavvoar som dei bruka til overnatting for dei som ville det. Setra vart og benytta undervegs. Søndagen vart som kjent litt regnvåt, men heile gjengen kom seg velberga ned att fordi om bekkane voks med stor hastigheit utover dagen. Var nok ikkje så mykje som var tørt då dei omsider kom ned att til bygda.

Vi har fått ein heil del bilder frå turen, alle teke av Emma Saksen Ulvund.

Først publisert: 30. august 2011, 07:00 - Sist oppdatert: 29. august 2011, 22:49