Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4H på kurs i pilfletting

Elinor Bolme Torsdag 21. september 2017

Start 4H har denne veka vore invitert til Svinvika på kurs i arbeide med pil i forbindelse med prosjektet DELING. Her har dei vore instruert av Marit Larsdotter Moen og Jorun Kraft Mo i ulike metodar i pilfletting. Og etter resultata og dømme, så har både lærarane og elevane arbeidd godt. Her vart både fine fat og anvendelege fuglematarar ferdige på løpande band.

Marit L Moen viser Ylva Synnøve korleis ho skal avslutte arbeidet med fatet sitt.

Maria og Ylva har verkeleg teken på flettinga. Det er litt hardt arbeid å flette fint, men med trening så gjekk det kjempebra.

Johan, Van Adrian og Ingebrigt hjalp Jorun Kraft Mo med å ferdigstille ei korg som står fast i jorda. 

Ein ferdig fuglematar.

Laurdag blir det åpe hus i arboretet, og da blir det muligheit for alle som vil å ta turen innom for både å sjå og å prøve seg på kunsten sjølv.

Ellers kan 4H-gjengen fortelle at dei no er i førebuingsfasen til den årlege haustfesta. Den blir i Skulstuå 28. oktober, og i år blir det markert at laget fyller heile 50 år. -Vi har klubbmøter søndagane framover for å ferdigstille prosjektoppgåvene til 

Publisert: 21. september 2017, 19:51