Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Start  4H  med  tradisjonell  haustfest

Start 4H med tradisjonell haustfest

Jon Olav Ørsal Sundag 3. november 2013

Haustfesta markerer sesongslutt for 4H-arbeidet. Da er det tid for å skrive rapport etter at oppgåvene som medlemane har valt er gjorde ferdig, og på haustfesta må det lagast utstilling og leggjast fram rapporten. Det var i år 11 deltakarar som har fullført oppgåva, og det var imponerande å sjå kor mykje arbeid som den enkelte medlem hadde lagt i oppgåvene og utstillingane. Det var eit stort utval i oppgåver, og medan nokre hadde eigne oppgåver hadde andre valt å samarbeide om oppgåvene.

Under festa var det også innsalg frå scena, og blant anna fikk publikum høre og sjå ein lokal variant av Ylvis-inspirerte «The Fox».  vidare var det sjølvsagt traktering og lotteri, før det var tid for belønning for strevet. Alle dei 11 som hadde fullført oppgåva fikk sine merker og diplomar med vegledarane i klubben, som i år er Jon Olav Roaldset og Ragna Kvendset.

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri, med bildeglimt  frå haustfesta.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

.

Publisert: 3. november 2013, 22:47