Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

36 meter høgt juletre skal ruve godt på Holmen?

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. november 2019

Erling Talgø har tenkt på prosjektet med juletre på Holmen i fleire år.  No til jul skal det realiserast, fortel Erling og sambuar Maria Hagerupsen til Todalen.no.  – Juletreet på bildet er nok i minste laget og juletreet på Holmen blir nok ikkje mykje granbar på.  Kanskje blir juletreet på Holmen Norges lengste på 36 meter i ei stålmast som blir bardunert godt fast.

Erling og Maria har fått med seg fleire venner på dette prosjektet – ekspertar både på bardunering og på belysning.  Det blir over 500 meter med lyslenker og ei 5 meter høg stjerne i toppen og over 1000 julelyskuler som skal utgjøre det artige juletreprosjektet på Holmen. Eit stort batteri skal sørge for straumforsyning til juletreet som sjølvsagt er forsynt med energigjerrige LED-lamper. 

Todalspålen blir nok godt synleg på Holmen, med 500 meter lyslenker, 5 meter høg stjerne og over 1000 lyskuler!

Denne veka går Erling og Maria ut med tilbud om sponsorplass på juletreet – bedrifter kan kjøpe seg ei lyslenkje, medan privatpersonar kan kjøpe seg lyskuler for 250 kroner per stk. Vi er veldig spent på dette for det er ingen som har gjor noko slikt tidlegare, seier dei to.  Men vi har fått mange gode tilbakemeldingar og trur det blir mange som blir med som sponsorar. Vi er no i innspurtfasen med finansieringa, og vi setter nok ikkje i gang «alle motora» før den er i mål.  Men som sagt er vi alt i gang med salet, og ein del pengar er alt på konto. Her har vi eit samarbeid med Todalen Grendalag som også har hjulpet oss med ein del formalitetar. 

Neste veke startar monteringsarbeidet, og vi har god tru på at vi skal få ferdig heile anlegget og får arrangert ei skikkeleg julegranstenning i god tid før jul.  Våre leverandører har vore veldig positive til prosjektet, og vi har fått gode prisar på materialane vi skal bruke. Julekuler blir selt heilt fram til jul, og dette blir nok årets «kuleste» julegåve, seier Maria som alt er i gang med å lage gavekort som kan legges under juletreet heime. 

Har du lyst til å være med og støtte dette prosjektet eller kanskje å gje ei lyskule til «den som har alt»?  Da kan du berre logge deg inn og gje pengar til prosjekt Todalspålen ved å klikke på linken her!

Publisert: 19. november 2019, 21:53