Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
30 meter unna skredet!

30 meter unna skredet!

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. april 2013

Laurdag kunne det lett ha skjedd ei skredulykke i Skjerdingfjellet. Det var ei guppe på 3 utalandske skituristar som tok seg opp fjellsida som løyste ut skredet, fortel Ola Bruset. Han hadde vært på skitur til Bjøråskaret, da han fekk sjå at det var 3 skituristar på veg opp fjellsida i nærleiken av Skjerdingfjellslåa. Han tykte det såg farleg ut, men dei kom seg velberga opp.  Litt etter fekk han høyre eit kraftig smell, og da såg han skredet som kom i stor fart nedover fjellsida.

To av dei tre var da komne ned og skredet gikk forbi disse to på ca 30 meter avstand, og dei var i god behald. Men kvar var tredjemann? Ola frykta at han var teken av skredet, og snudde for eventuelt å hjelpe til med søk.  Litt etter fikk han også sjå tredjemann, som stod på ein stein omtrent på toppen av fjellet. Det viste seg at det var han som hadde løyst ut skredet.

Yr.no melder laurdag om moderat skredfare for heile Trollheimen, og Ola meinte ikkje det var spesielt stor skredfare i dette området heller. Det gikk altså godt denne gongen, men det beviser berre kor viktig det er å være forsiktig når du utfordrar fjellet.

Ola Bruset fortel vidare at snøskredet hadde stor fart da det kom nedover fjellsida, og det har ikke vært mulig å kome seg unna dersom raset hadde treft de to som denne gongen kunne betrakte skredet på ca 30 meter hald.

Søndag blir det mildvêr og kanskje litt nedbør, og yr.no oppgraderer da skredfaren til «betydeleg» for heile Trollheimen.

Publisert: 13. april 2013, 17:04