Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3. juledag får vi «Rikets tilstand» frå scena

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2015

Fotballgruppa i Todalen idrettslag «flesker til» med tradisjonell julerevy i ungdomshuset 3. juledag, og med to forestillingar  – den første på ettermiddagen, og hovudforestillinga på kveldstid, fortel leiar i fotballgruppa Knut Bergli. Han fortel vidare at skrivegruppa er komne godt i gang med arbeidet og han lover at dei kan by på ein god revy når han drar frå sceneteppet 3. juledag (27. desember).

Skrivegruppa må i allfall ha mykje godt stoff å skrive om i år, og det gjer nok at vi kan vente oss ein variert og innhaldsrik revy når den tid kjem. Mat har dei også tenkt på, men det er nok for tidleg å legge fram menye enda, men Knut lovar at det skal bli god mat å få kjøpt – og levande musikk skal det bli, slik at det blir høve til å ta ein svingom.

Billettsalet blir på Matkroken Todalen som tidlegare og kjem nok i gang om ikkje så lenge – det kje vi att med meir info om etter kvart. Sett av kvelden og les plakaten her!

«Rikets tilstand» heiter årets julerevy. Plakatdesign: Lillian Halle

Publisert: 27. november 2015, 05:00