Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3 elgoksar på ein dag…

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. september 2014

Søndag vart det litt av ei arbeidsøkt for Storli jaktlag som driv i Rodal og Engdal.  Tre elgoksar i eit jag vart resultatet av dagens jakt, og over 500 kg skulle i løpet av ettermiddagstimane fraktast ned frå skogen og til slakteplassen dei har i Rodal. Dei prisa seg nok lykkeleg for at dei har eit motorisert elgtrekk som ein kan laste heile dyret på og tranportere det fram til veg. Storli jaktlag starta si historie i Storlidalen, men har sia 1996 leid jakt i Rodal og er no godt kjent i terrenget her, fortel Ragnar Halle som er jaktsjef for gjengen.

Jaktlaget som no ståka i Rodal har 16 medlemar, inkludert 3 fastbuande/grunneigar, og heile gjengen er innlosjert i to hus som dei har leid for den tida dei driv jakt her. Medlemane er todalingar og todalsvenner og har variert litt frå år til år. Status for jakta så langt i år er altså dei 3 elgane og 6 hjortar så langt. Men dei har det ikkje travelt, for jakta varer heilt til 23. desember. Kvoten dei har i år er 25 hjortar og 7 elgar, så det blir nok fleire samlingar utover hausten. I tillegg har dei 7 elgar på eit vald på terråk i Bindal, så det står nok att litt jakting – og slakting, seier Ragnar.

Det blir mykje arbeid med transport og slakting, men oppdeling og pakking ei ei tjeneste vi kjøper av eit slaktefirma i Valsøyfjorden. Det er veldig greit, for da blir det fint pakka og ordna klart til bruk. Men det kan bli lange dager når når fleire og store dyr skal slaktast. Sist søndag med 3 elgfall, vart ikkje tid til middag før i 22.30-tida, men det går bra og vi har det veldig triveleg i lag.

Bilder frå jakta:

Vi oppfordrar andre jaktlag til å sende oss bilder frå jakta. Det kan være jaktbilder, trofebilder, bålkos og mykje anna. Bilda sendes redaksjonen på e-pos: red@todalen.no

Ein svipptur til Rodal i anna ærend ga oss sjangsen til nokre bilde frå transport- og slaktearbeidet av dei 3 elgane.  Alle foto med få unntak: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. september 2014, 05:00