Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

3-dobbel feiring i oppvekstsentret

Jon Olav Ørsal Fredag 6. februar 2015

Fredag var det mykje feiring i Todalen oppvekstsenter. For det første var det samefolkets dag – samenes nasjonaldag – det vart markert både med film og song i amfiet i gangen. Her var alle – både skuleelevane og barnehageborna – samla for å markere dagen. I tillegg feira dei at sola kom att til skulen fredag 6. februar. Det var overskua, så dei fekk ikkje sjekka om det stemte, men kanskje det vart ein solgløtt utfpå dagen. I tillegg til dette var hele skulen og barnehagen inviterte til frukost i gymsalen – det sørga Todalen bondelag for.

Bondelaget hadde dekt eit stort koldtbord.  Foto: Jon Olav Ørsal

Derfor vart det ein dag utanom det vanlege, og det var det nok mange som sette pris på. Det blir vel nok vanlege dagar lell og difor er det litt artigar når det skjer noko ekstra.

Todalen Bondelag hadde dekt på mange bord i gymsalen, og i tillegg hadde dei laga eit stort koldtbord, med massevis av godt pålegg av alle slag.  Det var leiaren i bondelaget, Ola Kvendset, som ønska alle velkomne og kunne fortelje at mykje av det som vart servert var laga i Todalen – og altså kortreist mat. Brødet var baka i steinomnen i eldhuset i Steinarstua, egga kom frå hønehuset i Pestua og mjølka som den store kakaokjelen var fylt med kom frå Viastua – og resten kom frå Matkroken.

Signe Grønmyr hadde baka brød i steinomnen i eldhuset i Steinarstua.  Foto: Jon Olav Ørsal

Vi vart egentleg imponert over kor roleg og fredeleg det var under frukosten, og alle dei største borna stod i kø og forsynte seg sjølv når dei var deira tur ved koldtbordet. – og borna sette pris på frokosten og langa inn den eine brødskiva etter den andre, til dei var stappmette.  Det har vore tradiosjon gjennom mange år, at Bondelaget har servert frukost i skulen, fortalte Ståle Ansnes. Dei siste åra har dei kombinert dette med solfest og feiring av samefolket dag.

 

 

 

Publisert: 6. februar 2015, 21:41