Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endte i B-finalen etter 13-0

Endte i B-finalen etter 13-0

Elinor Bolme Tysdag 30. juli 2013

7’er laget til KUST G14 har i kveld spela kamp mot Gaza Uhrwa. Kampen var vel på førehand satt, da Gaza var rekna som ein sterk motstander. Sluttresultatet vart etter endt spel 13-0 (9-0 ved pause) der det vart litt forviklingar undervegs. Keeper Torstein Snekvik vart litt vel ivrig i feltet, tok ballen ein halvmeter utanfor 8- meteren og måtte forlate banen. Tore Bæverfjord overtok keeperdrakta resten av kampen.

Etter kampen vart det felles lagbilde. Dette tapet resulterte dermed i B-sluttspel mot Øystre Slidre/Rogne kl 11.15 på Bjølsen.

Les meir om kampen og vidare spel for dei øvrige laga på www.ilsoya.no

Publisert: 30. juli 2013, 19:14