Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

26.03.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. mars 2020

Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune. I lys av dei strenge nasjonale tiltaka og for å kunne ha betre lokal smittekontroll framover, har kommuneoverlege Bjørn Buan i dag utvida kriteria slik at fleire kan bli vurdert for testing for covid-19 i Surnadal kommune.
Kommuneoverlegen ber deg kontakte korona-telefonen for vurdering av behov for prøvetaking og bestilling av legetime, dersom eit av punkta under gjeld for deg:

1: du opplever aukande symptom på hoste, tungpust og/eller feber dei siste døgna

2: du er i karantene og ikkje er testa frå før

3: du skal i karantene fordi du har kome til Surnadal kommune frå opphald/ reiser i utlandet eller i fylke utanfor Møre og Romsdal som, jfr. gjeldande vedtak av 24.03.2020 frå kommuneoverlegen, medfører karanteneplikt, jfr. pkt 4.

Du treng ikkje ha symptom for å ta kontakt for å bli vurdert for testing under punkt 2 og punkt 3.  Ring kommunen sin korona-telefon for å få bekrefta om du tilhøyrer ein av desse kategoriane for testvurdering, på telefon: 913 79 001. Korona-telefonen er underlagd tausheitsplikt og gir deg veiledning om kva du skal gjere vidare.

Publisert: 26. mars 2020, 19:38