Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjerringdilt på drømmedag

Kjerringdilt på drømmedag

Tekst og foto: Sondre Halset Fredag 29. mars 2013

Vêrgudane har vist seg frå sitt beste heile påska så langt, og langfredag var slett ikkje noko unntak. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten i regi av Todalen I.L’s hyttekomite og trimgruppa i fellesskap. Sol frå klår og blå himmel og drømmeføre lokka mange todalingar og utabygdes til fjells denne dagen. Arrangementskomiteen sto klar og delte ut startnummer etter kvart som folk dukka opp, og rennsjef Ivar Helge Kvendset håpa på å få delt ut alle 100 startnumra! Startskotet for kjerringdilten gikk, og det var 55 stk som bar startnummer på brystkassen. Det var nok atskillig fleire som hadde teke turen til Skihytta, men ikkje stilte til start på Kjerringsdilten.

Kjerringdilten går på idealtid, der det er om å gjera å treffe tida til den som hadde «gått» opp løypa. Idealtida var  i år sett til 24.30, og den var det Vilde Mikkelsen som kom nerast, og ho bomma med berre 1 sekund. I år er det ny vandrepokal, da den førre gjekk til odel og eige til fjorårets vinnar. Dermed blir Vilde Mikkelsen den første som får nanet sitt på den nye pokalen. Her finn du komplett resultatliste for Kjerringdilten 2013

Etter gjennomført Kjerringdilt vart det arrangert hopprenn, men der var det berre den yngre garde som drista seg til å prøve. Det var og mulegheit til å ta skimerke etter Kjerringdilten. Elles var det fullt aktivitet i kiosken hos Knut, som freista med rettar og forfriskingar av mange slag. Elles kosa folk seg i solveggen, og tok livet med ro. Totalt var nok rundt 75 personar innom skihytta i løpet av denne fine dagen som freista både med drømmevêr og drømmeføre.

I bildegalleriet nedafor finn du mange fine bilde frå langfredagens Kjerringdilt på Skihytta.   Alle foto: Sondre Halset

Publisert: 29. mars 2013, 20:00