Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
2. juledag: «God gammeldags» juletrefest

2. juledag: «God gammeldags» juletrefest

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. desember 2011

Etter at det vart slutt på å halde juletrefest 2. juledag har dette vore eit sakn både for store og små, seier Terje Nordvik. No vil soknerådet dra igang att denne tradisjonen sog satsar altså på god gammeldags juletrefest, slik dei vart arrangert på 60-70-talet. Dette blir det siste arrangementet av mange som soknerådet har kjørt i høve 150-årsjubileet til Todalen kyrkje, og det skal bli både underhaldning, mat og jultregong i ettermiddagstimane 2. juledag.

Dette skjer altså i Todalen oppvekstsenter 2. juledag (26.12) frå kl 14.00 og dei tek sikte på å halde på ca 2 1/2 time.  Etter program og mat blir det jultregong, og sjølvsagt kjem nissane frå Romådalen på besøk.  det blir gratis inngong på juletrefesta 2. juledag.

Først publisert: 14. desember 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 13. desember 2011, 22:24