Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
2  i  1

2 i 1

Elinor Bolme Sundag 31. oktober 2010

I går kveld held Start 4H årsmøte på Bordholmen, etterfulgt av eit grøsseleg halloweenparty. Årsmøtet gjekk roleg og skikkeleg for seg, der det blandt anna vart vald nytt styre for det kommande året. Nyvald leiar vart Marte Talgø, nestleiar Astrid Longva Kvendset, sekretær Endre Talgø, kasserar Kristine Svinvik og styremedlemmane Frikk Hauglann Talgø, Emma Sæther og Mads Marius Øyen.

Etterpå var det duka for litt lausare snipp med halloweenparty. Her var det mykkje «stygge» kostymar å sjå, inkvann så utkledt at kioskmannskapet var lett å lure.

Ungane arrangerte det heile sjølve, frå årsmøtegjennomføring, leikar og kåring av ulike kostymer etter kvart.

I dag fortsett sprenghelga for 4H’arane med haustfesten i skule der dei stiller ut prosjekta dei har arbeidd med det siste året.

Alle foto: Elinor Bolme

Publisert: 31. oktober 2010, 08:46