Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
1962-konfirmantane jubilerte

1962-konfirmantane jubilerte

Jon Olav Ørsal Sundag 23. september 2012

50 år er gått sidan dei åtte todalingane stod som konfirmantar ved Todalen kyrkje. Laurdag kveld hadde soknerådet invitert 62-konfirmantane til jubileumsfest i Ungdomshuset og til hausttakkefest i Todalen kyrkje på søndag. Alle dei 8 jubilantane kom på festa, der også bygdafolket og neste års konfirmantar var invitert. Eit førtitals gjestar vart servert middag og kaffe, og det var fleire underhaldningsinnslag på festa i Todalen Ungdomshus.

Terje Nordvik frå soknerådet ønska velkomen, og Ildri Øyen var festledar og trekte i trådane for programmet utover kvelden. Aller først vart gjestane servert middag, der velsmakande Stroganoffgryte med tilbehør stod på menyen. Trygve Halle representerte jubilantane og takka for middag og invitasjon, samtidig som han fortalte muntre historier frå konfirmantførebuinga i 1962, da Sigurd Ingvaldstad var sokneprest i Stangvik prestegjeld.

I høve kvelden var det var henta inn underhaldningskrefter frå andre enden av prestegjeldet. Det var Eistein Bæverfjord som viste eigenproduserte filmar, der han mellom anna viste «Nordmarka og Birkebeinerrennet» og  historiske minner arrangert som ein båttur innover Nordmarka. Bernt Bøe deklamerte frå lyrikken til Jørgen Gravvold, som har skrive både skjemt og alvor i samlinga si.  På programmet var det også ein Quiz-konkurranse, der det var steinhard konkurranse mellom dei 6 laga. Det måtte omkamp til før ein kunne kåra meistrane til slutt. Premien var at vinnarlaget fekk væra først ute for å forsyne seg av blautkaka når kaffelaget starta.

Så var tida koma for trekning i lotteriet, der 18 gevinstar skulle fordelast til heldig vinnarar, før det heilt på tampen vart det arrangert fotografering, der det vart teke eit jubileumsbilde av konfirmantane – 50 år etter.  Søndag var heile gjengen invitert til Todalen kyrkje på hausttakkefest.

Bildegalleri frå festa til 1962-konfirmantane i Todalen Ungdomshus.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. september 2012, 10:51