Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
175 til frokost i Ungdomshuset

175 til frokost i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2010

Feiringa av nasjonaldagen er forlengst komen igang i Todalen.  Det tradisjonelle biltoget, eller «skrommeltoget», samla i år rekorddeltaking med rundt 60 kjøretøy som nok er rekord. Det var kjøretøy av alle slag, både traktorar, mopedar, russebilar og andre nye og gamle bilar. Og sjølvsagt var det mykje folk, både store og små. Biltoget starta ved ICA Todalen på Kvennset og køyrde oppover bygda til Gammelfabrikken, der det var ein kort pause og så nedatt til Ungdomshuset.

Der inviterte fotballgruppa i Todalen I.L. alle sambygdingar til felles froskost. Den opprinnelige plana var å ha friluftsfrokost på Bordholmen, men været satte ein stoppar for det. I Ungdomshuset var det dekt ein kjempestor frokostbuffe og ca 175 med stort og smått kunne nyte frokosten i fellesskap.  Det var nær 150 betalande, og i tillegg var det gratis frokost til Surnadalsrussen og dei som var under skulepliktig alder. Fotballgeneral Bjørn Hauglann var godt nøgd med deltakinga, og syntes dette har vorte ein fin tradisjon som setter ein ekstra spiss på feiringa av nasjonaldagen.

Seinare på dagen er det tradisjonell feiring med gudsteneste i Todalen kyrkje og folketog til til skulen, der feiringa fortsett med tale for dagen og musikk av veterankorpset som er etablert i høve nasjonaldagen. Vi kjem att med meir stoff frå feiringa i kyrkja og i skulen.

Nedanfor finn du eit bildegalleri frå biltoget og frokosten.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2010, 12:00