Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
17.mai-programmet klart

17.mai-programmet klart

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2010

Programmet for feiringa av nasjonaldagen er no klart. Mykje av programmet har nok stor likhet med tidlegare års opplegg, men det skjer da og så nokre endringar.  Den viktigaste endringa er at det i år blir eitt folketog, og det kjem til å gå frå kyrkja og oppi skulen.  Her kjem Todalen musikkkorps (eit mobilisert veterankorps) til å sørge for hornmusikken.  Berit Storholt Flåtten frå Rindal skal halde tale for dagen.

Men all først startar sjølvsagt feiringa med biltog frå Kvennset kl 9.30.  Deretter blir det frokost på Bordholmen der Todalen I.L. er vertskap.  Den vidare feiringa startar ved kyrkja, der det blir gudsteneste kl 14.00 og fortsett med kransnedlegging før folketoget går til skulen ca kl 15.00. I skulen serveres det Lulens svinegryte fra HammerStuene og det blir leikar for borna.

Her finn du plakaten med heile programmet.

Først publisert: 10. mai 2010, 08:00 - Sist oppdatert: 18. mai 2010, 18:36