Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
17.mai: Programmet er klart!

17.mai: Programmet er klart!

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2013

Programmet for feiring av nasjonaldagen i Todalen er no klart. Det startar sjølvsagt med det tradisjonelle biltoget som går oppover bygda til Gammelfabrikken og nedatt til Bordholmen for felles frokost. Etter ein liten pause fortsett feiringa med folketog fra skulen til kyrkja, der det er familiegudsteneste og kranspålegging ved bautaen. Så er det folketog der korpset deltek oppover til skulen.

I skulen blir det korpsmusikk og servering av sodd med høveleg tilbehør. Etterpå er det leikar for ungane og tale for dagen. I år er det Rannveig Brøske som skal halde tale for dagen.  Her kan du laste ned plakaten med fullt program for feiringa.                                                                              

Program for 17. maifeiringa i Todalen 2013
09.30: Biltoget startar frå Hals
11.00: Felles frukost på Bordholmen om veret tilseier det, Ungdomshuset elles.
14.00: 17.maitog startar frå Todalen skule til Todalen kyrkje.
14.30: Gudsteneste i Todalen Kyrkje. Kranspålegging etterpå.
15.15: 17.maitoget med korps returnerer til Todalen skule.

17. maikomiteen håpar på god oppslutning, opphaldsvêr og god temperatur!

Publisert: 10. mai 2013, 10:00