Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1600 2-åringar starta nytt liv i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mai 2018

I dag var det full rulle for Rossåa Settesfisk med utsetting av smolt i Toåa.  Før helga vart 1600 2-årig smolt sett ut, og tysdag var tyren komen for rundt 2000 1-årig yngel. No startar dei ei farefull ferd som skal ende langt uti havet.  Mange av dei vil nok bukke under på turen, men nokre vil nok kome att som små eller store laksar.

Monika Klungervik på veg ut i det kalde elvevatnet – i full mundur. Foto: Jon Olav Ørsal

Tysdag var mannskap frå Rossåa settefisk med forsterkningar frå Auraverkene i full gang med utsetting av ei Mære, der yngelen skal venne seg til forholda i elva og så blir dei slepte ut på livet når vannføringa i Toåa er passe stor.

Det varme været de siste dagane har sett fart på snøsmeltinga, og det er venta at vassføringa vil stige utover dagen og kvelden. I skrivande stund kl 13.00 kan vi sjå at vassføringa i Toåa er rundt 20 m3/sek. ved målestasjonen i Storfossen.

Merda stod på grunn i den sterke straumen, men Monika fikk flytta den til tryggare plass med god hjelp frå sterke Aurakarar. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. mai 2018, 14:06