Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På P1 søndag: Naturens verden frå Tingvoll

På P1 søndag: Naturens verden frå Tingvoll

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. januar 2012

Eit nytt spesielt fjøs, og kumøkk som varmar Tingvoll kyrkje. Det er tema når NRK P1 sender frå Bioforsk Økologisk og Tingvoll gard. Programleiar Tove Fugelsnes i «Naturens verden» har vore med gardbrukarane Erik Lindhardt og Anne de Boer i det nye, runde fjøset. Eit fjøs der kyrne går fritt inn og ut heile året, og der det er høgt under taket og god naturleg ventilasjon. Før gjødsla frå kyrne blir gjødsel for plantane gir den energi og varme til folk. Korleis dette heng saman fortel forskar Ingvar Kvande og leiar for Tingvoll Sol- og bioenergisenter, Ketil Valde.

Det er mykje som har skjedd rundt økomiljøet på Tingvoll. Her finn ein blant eit forskingssenter med 40 tilsette, gard med mjølkeproduksjon, økologisk hage og eit senter for sol- og bioengergi. Direktør ved Bioforsk Økologisk, Kristin Sørheim, fortel om planane framover i programmet « Naturens verden», som blir sendt førstkommande søndag mellom klokka 9 og 10 på NRK P1.

Publisert: 4. januar 2012, 18:32