Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
150-års jubileumsmarkering

150-års jubileumsmarkering

Elinor Bolme Torsdag 15. september 2011

Førstkommande søndag blir det 150-års feiring av Todalen Kyrkje. Det heile startar med gudsteneste klokka 11.00 der både biskop og prost vil delta. Etter gudstenesta er det ope hus i Todalen Ungdomshus, der det vil bli servert middag med dessert, kaffe og kaker rett etter gudstenesta.

I høve denne dagen har naturlegvis 50-årskonfirmantane vorte bedne, og 8 av 9 har takka ja til å kome kan soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen fortelje. Men ho håpar at enda fleire vil vera med å feira denne dagen, og difor melder seg på til festmiddagen. Påmeldingsliste ligg på ICA Todalen og vert liggjande til og med onsdag den 14 eller ta kontakt med Terje Nordvik på telefon 913 38 051 snarast.

Organist Bernt Bøe har spesialskrive ein inngangssalme til jubileumsgudstenesta. Den heiter «Eg er glad», som er skreve over salme 122 og utdrag frå Leif Halse sin prolog til 100-årsjubileet i 1961.

Først publisert: 15. september 2011, 08:00 - Sist oppdatert: 18. september 2011, 20:00