Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellukka på Gjøra

Vellukka på Gjøra

Ragna Kvendset Sundag 2. oktober 2011

Sist helg arrangert Fylkesmannen i Møre og Romsdal ein konferanse om bygdemobilisering i Sunndal. Her vart alle tre bygdemobilieringsprosjekta i Sunndal presentert og vertskap første dagen var Gjøra og Sunndalsporten. Eit imponerande arbeid er lagt ned av eldsjeler frå Gjøra samfunnet.  Vi fekk høyra  historia om korleis ein spenstig ide vart teke mot og realisert! Det var og andre interessante innlegg om bygdemobiliseringsprosjekt, men det mest tankevekkande foredraget var det humørbonden Geir Styve som sto for. Han er oppteken av å kverke bygdedyret og krydra innlegget sitt med ein god porsjon humor! 

Link til humørbonden: http://www.humorbonden.no/

Link til foredraga: http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1575&amid=3534526

Publisert: 2. oktober 2011, 09:28