Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
12 av 100 ting å gjera

12 av 100 ting å gjera

Elinor Bolme Sundag 4. mars 2012

Vårsøg Hotell har i desse dagar reklamert med si nye brosjyre «100 ting å gjera i Surnadal». Todalen.no har teke ein titt i den, for å sjå om kanskje Todalen var representert med ei og anna opplevinga som er verdt å nemne. Og visst var Todalen nemt, heile 12 ulike «ting å gjera» har hotellet lagt hit inn. Og tek vi med Nordvik i tillegg kjem ein opp i 16 ulike alternativ frå fartsfylt moro, for den aktive, aktivitetar for alle, festivalar, inspirasjon, guida turar, sightseeing, shopping, kultur, tid til å leva og mat og drikke.

Her er aktivitetane kategorisert etter ulike aktivitetsnivå, der den enkelte aktiviteten eller opplevinga er merka med best egna årstid. Med andre ord eit hendigt lite hefte som selg Surnadal-området på ein informativ måte.

Nordvik er representert med Nordviksulå (2 gonger), Nordviksetrene og omvisning i Nistuå hos Torunn og Kristoffer Nordvik. Medan Todalen er representert med Kårvatn 3 gonger; butikken, Nauståfossen og området Kårvatn, gammelfabrikken, elva, kyrkja, Todalshytta og Vangsgutane. Det står desverre ikkje kvar eventuelle intereserte kan finna sistnemte attraksjon, om ein skal pirka på noko. I Svinvika er gammelvegen, Arboretet og rappelering blandt aktivitetane.

Diktet Vårsøg av Hans Hyldbakk er gjengangaren i brosjyra, med eigne «utsagn» på kvar side: – Kjøle gøttj! – E får levva! – Poinn kaille isa! – Lokt tå gras! – Bekkjinn søng! – No skin det sol! – Fint e fjellå! – Det kjenne e så vel! – Frå kvite høgdå! – Brattast berjestellå! – E ska laua! – Stronk å strakjin! – Så sval ein drekk!

Og som ein kuriositet til slutt legg dei inn nokre ord og uttrykk frå Surnadal som er «vinnle å koinna».

Trollheimsporten har og skrive om dette heftet, det kan du lesa her.

Publisert: 4. mars 2012, 23:07