Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

11 000 nye Todalingar

Jon Olav Ørsal Fredag 4. september 2009
Monika, Bjørnar og Kåre driv utsetting av yngel ved Ramsøya. Foto: Monika Klungervik

Torsdag vart det sett ut 11.000 einsomrig yngel i Toåa.  Det var mannskap frå Rossåa settefiskanlegg som sørga for at yngelen kom trygt ut i elva.  Dette er ein del av konsesjonsavtalen med Statkraft i høve reguleringa av Toåa da Driva kraftanlegg vart bygd.

På vårparten vart det sett ut ein del 2-årig smolt, og den ekstra utsettinga er gjort for å rette opp eit etterslep i utsettinga. Daglig ledar i Rossåa settefiskanlegg, Monika Klungervik, har sendt oss bilete frå utsettinga som har skjedd ved Raudåhølen (3500), Lykkja (3500) og Ramsøya (4000)

Først publisert: 4. september 2009, 22:13 - Sist oppdatert: 5. september 2009, 00:24