Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
1000 opne hagar – i arboretet

1000 opne hagar – i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. august 2011

Søndag 14.august er sommarsesongens siste opningsdag i arboretet. Det blir ein spesiell dag, fordi vi da er med på det landsdekkjande arrangementet «1000 åpne hager» gjennom Hageselskapet, og vi er på denne dagen også lagt inn under turprogrammet for Norsk vandrefestival som går no til helga, fortel Dordi Kjersti Mogstad i ein e-post til Todalen.no.

Ho er svært fornøgd med at Svinviks arboret er med og skapar eit allsidig turprogram også for hagevandrarane under festivalhelga. Surnadal hagelag opnar opp 5 privathagar og arrangerer fellestur til desse, samt rundar av turen med hagevandring i Svinviks arboret. Hagen og kafeen i arboretet er open frå 12-17 denne dagen, og det er gratis inngang slik det er i alle hagar som deltek under 1000 åpne hager-arrangementet. (sjå også vedlegg). I Todalen er det open hage hos Dordi Anne Hyldbakk, på Slettbakkan.

Du finn meir informasjon på desse linkane til Norsk vandrefestival, 1000 opne hagar og Hageselskapet

Først publisert: 9. august 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 8. august 2011, 20:52