Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
100 imponerte Amfi-ansatte i Todalen!

100 imponerte Amfi-ansatte i Todalen!

Elinor Bolme Onsdag 5. juni 2013

Denne veka arrangerer Amfi Drift AS senterleiarsamling for alle senterledere, eiendomssjefer og regionssjefer tilhørende selskapet drifta frå hovedkontoret i Surnadal. Per i dag omfattar det heile 72 senter i 5 regionar. Nokre som heileigde AMFI senter og andre der Amfi Drift AS kun står for dagleg drift. På programposten under denne samlinga sto sjølvsagt ein tur til Todalen med eit besøk hos Talgø og Gammelfabrikken.

Bortimot 100 deltakarar frå Mandal i sør til Kirkenes i nord var representert i dei to fulle bussane som ankom Todalen i kveldinga. Dagens fagprat var (så godt det kunne la seg gjera) lagt bort. Den  faglege bolken for dag 1 var unnagjort på Surnadal kulturhus tidlegare på dagen, der blandt anna ordførar Mons Otnes og administrerande direktør Lars Løseth i Amfi Drift AS ønska dei velkomne til bygda.

På Gammelfabrikken vart forsamlinga oppvarta og guida rundt av ledelsen i Talgø representert av Terje og Elmer Talgø, Rune Moe, Heid Snekvik, Øystein Wiig og Lillian Halle, der dei tre sistnemnte alle har vore ansatt i Amfi Drift AS før dei kom til Talgø. Eit gjensyn mange satte stor pris på. Alle som ikkje hadde vore på Gammelfabrikken før, vart mektig imponert over kva som møtte dei! Og med utsøkt mat levert frå Thon Hotell Vårsøg, kunne ikkje møtet mellom to markante bedrifter i Surnadal kommune ha vorte betre.

Senterledarsamlinga, som for første gong er lagt til sentrale Surnadal, held fram til torsdag, med mest muleg fagleg påfyll når dei først er samla.

Under er nokre bilder frå kveldens arrangement med både omvisninga, servering og ikkje minst kulturelle innslag. Alle foto Elinor Bolme.

Publisert: 5. juni 2013, 08:00