Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

10. klassingar med ekstraforestilling på «Hannjåhaft»

Elinor Bolme Onsdag 27. september 2017

Surnadal Ungdomskule melder no om at årets 10. klasseprosjekt «Hannjåhaft» blir oppsett også på torsdag kveld. Forestillinga har fått strålande kritikkar av media, og av dei som overvar premieren i går kveld.

Forestillinga tar utgangspunkt i ungdommane sin allsidige kvardag med både kjærleik, utsjånad, mobbing og politikk. Og naturleg vis ein dose med treffande lærarparodiering! 

Elevane har sjølv hatt storparten av regien, og kan også stille med eige band som har stålkontroll under dei nesten 2 timane forestillinga varer. Her viser dei både med song, dans og elektronikk at dei har jobba hardt den siste tida. Både på og bak scena.  Så har du ikkje fått tak i billett til i kveld så benytt deg av sjansen i morgon kveld klokka 19. 

Også gutane på 10. trinnet hivar seg ut i dansen.

Kjøp billett på Surnadal Kulturhus eller på nettsida til kulturhuset (når dei får lagt inn forestillinga)

Publisert: 27. september 2017, 14:24