Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1. til 4. skuletrinn starter på over helga.

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. april 2020

Over helga er det klart for forsiktig skulestart og SFO for 1. – 4. årstrinn.  På en pressekonferanse på nettet vart den lokale pressa orientert om opplegget for skulestarten, og kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik orienterte om opplegget.  – Dette skal bli så bra som mulig, og vi samarbeidet godt med foreldre og elevar om opplegget og alle skulane i kommunen opnar igjen over helga. 

Det er pr i dag ikkje registrert nokon som er smitta i Surnadal og dei to som har vore i karantene er slepte ut av isolatet.  Men likevel er det viktig å ha gode smitteverntiltak, og det vil sjølvsagt bli viktige også i tida som kjem – vi må halde avstand både utendørs og innendørs, og ha ein  god handhygiene. 

Digitqal pressekonferanse med orientering om skulestarten for 1. – 4. klasse over helga. Skjermdump

Høivik fortalte at det har vore jobba iherdig med å bli klare til starten – nasjonal smittevernveiledar kom måndag 20. april og den har vi tilpassa. Tilsamen er det 238 elevar som startar på igjen i skulane her i kommunen måndag. Det er faktisk berre eit par elevar som ikkje måter, og det indikerer at foreldra vurderer dette som trygt etter ein vellukka start i barnehagen.  Skuleskyssordninga startar også på, og det er krav om at berre annakvart sete i bussen skal brukast og inngang berre om midtdøra på bussen.  Fint om foreldra kan helpe til å køyre bora til skulen for å avlaste bussen. Det er ogaså fint om foreldra følgjer elevane til haldeplassen for å følge med litt på smitteavstand. 

På skulen vil det bli undervist i grupper på rundt 15 elevar.  No i starten vil det bli litt redusert opningstid i SFO – opningstida vil bli som i barnehagen, frå 8 til 14.30, men dette vil vi kunne tilpasse etter kvart. Det er gjort mykje godt arbeid for å finne gode løysingar, og vi er avhengig av eit godt samarbeid med foreldre og born for å etablere løysingar som alle kan føle seg trygge med, avslutta ordførar Margrete Svinvik som sett pris på at fleire områder opnes etter kvart.  Vi er etter kvart blitt dyktige til å handtere kvardagen med å halde avstad og til å vaske hender. 

Kommunaldirektør Knut Haugen rosa innsatsen til kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik som nærast over natta etablerte digital skule og som nå arbeider med å få skulen attende til kvardagen – rett og slett er det vist stor omstillingsevne, sa Haugen.

Publisert: 23. april 2020, 16:19