Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "vinter"

Først publisert: 27. juni 2022, 00:03 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "vinter"

Todalsdagen 2022 – Programmet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. juni 2022

Todalsdagen blir i år arrangert på Bordholmen stadion laurdag 2. juli frå klokka 9:30. I år er det, som vanleg, fotballcup, «Ræta opp», kiosk, grillmatsal og Superlotteri. I år blir det også Todalsmarked, der ein kan få kjøpe lokalproduserte produkt frå lokale produsentar i Todalen. Så her blir det noko, for ein kvar smak, utover heile laurdagen. 


Med varmen kom laksbettet i Toåa

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2022

Laurdag kom varmen og skikkeleg fiskarelv. Klokka 21 var vassføringa kome på rundt 41,5 M3/sek, og når gradstokken nærma seg trettitalet så vart det skikkeleg snøsmelting og med litt fønvind i tillegg så fikk snøen i fjella bein å gå på. Laurdag vart det teke to store laksar – ein på 9,6 og ein på 8,4 kg. Endeleg ser det ut til at laksefisket kjem i gong for alvor – i skrivande stund er det teke 10 laksar i Toåa denne sesongen.


Badeplassen nyflidd

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. juni 2022

I går kom varmen, og Todalen Båtforening var ute med graskløpparen og fekk slått graset på badeplassen i Sissigrenda. Så da kan badesesongen ta til, men det er ikkje meldt om dei heilt store badetemperaturane enda, men den kjem nok med varmen!


Løkka i livet er å kome seg til Haukeli

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2022

Det er dei einige om begge to – løkka i livet er å kome seg til Todalen og hytta Haukeli, som ligg i Krokan. Einar Sundet og Wenche Snekkersveen kjem frå Rendalen, og stortrivest altså på hytta i Todalen. Einar har alt landa sin første laks i år, ein holaks på vel 5 kg – teken på flue i Meet


Førehandssalet i SUPERLOTTERIET fortsett på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juni 2022

Todalsdagen, som blir arrangert laurdag 2. juli på Bordholmen stadion, nærmar seg. I tradisjon tru, har Todalen IL også i år SUPERLOTTERI i samband med Todalsdagen. Førehandssalet av lodd fortsett i morgon på Matkroken Todalen frå klokka 11:00 – 14:00. 


Todalsdagen er i rute – mykje som må ordnast

Jon Olav Ørsal Fredag 24. juni 2022

I dag var det service på trøbilane på Bordholmen – trøbilane er nemleg populær tidtrøyte for unge fotballentusiaster i ventetida mellom kampane. Fleire av trøbilane var prega av slitasje, så det var behov for både dekk, kjeder og nye lager for å få den «på vegen» igjen.


Sesongavslutning – Fjellgruppa til Vardfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juni 2022

Torsdag 30. juni går vårsesongens siste tur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Da tek dei turen til Vardfjellet inst i Bøverdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Bøverdalen og Øygaraden. Der blir det parkering, og turen går så mot Vardfjellet, som ligg på rundt 600 meter over havet. 


St. Hans med grillkos og bålbrenning i turstien

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juni 2022

Det var trimgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør da St. Hans vart feira med bålbrenning og grilling ved gapahuken i Båthølen. Torsdagskvelden vart ein rettelg fin sommarkveld med sol og god temperatur, og jammen trur eg både store og småe kosa seg på kvar sin måte


Stavgangarane til Betnaneset

Svein Tjelle Torsdag 23. juni 2022

Yr var ikkje på lag med oss i dag. Duskregn som gikk over til regn. Det var godt å koma til det oppvarma fjøset til Helge Røv. Kaffe med niste i sauefjøset vart koselig. 


No opnar KNT-hyttene

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. juni 2022

Tradisjonen tru opnar Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) dei fire betente hyttene sine på St. Hans-aften. Todalshytta har vore open ei stund, medan Aursjøhytta, Innerdalshytta og Vangshaugen opnar i dag.


Historia fengar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. juni 2022

Fortida har gode framtidsutsikter i Surnadal kommune! Ungdomsskulen tek lokalhistoria på alvor. Som vanleg, for 9. klassingane i Surnadal kommune, kvar vår bedriftsbesøk og historisk museumstime i Bøfjorden. I går var eit nytt kull klare for slikt bedriftsbesøk og museumstime i Bøfjorden. 


Minner om ekstraordinært årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. juni 2022

Som tidlegare annonsert, så kallar Surnadal Arbeiderparti inn til ekstraordinært årsmøte på Hammerstuene tysdag 29. juni klokka 19:00. Fullstendig sakliste for det ekstraordinære årsmøtet føreligg no. Ver obs på at det ekstraordinære årsmøtet blir på Hammersuene, og ikkje på kantina på sjukeheimen, som tidlegare annonsert.