Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "surnadal-j16-i-nordmorsvaer-her-for-kampstart-mot-austrheim-foto-surnadal-il-facebook"

Først publisert: 21. januar 2022, 14:29 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "surnadal-j16-i-nordmorsvaer-her-for-kampstart-mot-austrheim-foto-surnadal-il-facebook"

Ny sjølvbetent hentestad for hurtigtestar til innbyggarane i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. januar 2022

Frå og med i dag, kan du hente deg hurtigtest i gangen på Familiens Hus (same inngang som Helsestasjonen ved kommunehuset) mellom kl. 09.00 – 16.00. Dette opplyser Surnadal kommune i ei pressemelding no i ettermiddag. Det ligg også informasjon om dette på Surnadal kommune si heimeside: surnadal.kommune.no


Nils-Erik skaut seg bort under VM på Lillehammer

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. januar 2022

Nils-Erik Ulseth er inne i sin siste sesong og har dei siste dagane delteke i VM i snøsport for parautøvarar på Lillehammer.  Torsdag var det siste konkurranse i skiskyting, og dermed siste store løp på heimebane for Nils-Erik.  Han er paraidrettens «grand old man», og satsa på medaljeplass eller kanskje aller helst gull i konkurransen som foregikk på Birkebeineren skistadion på Lillehammer.


Tøffe trimmarar trossa snøføyke og covid19!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. januar 2022

I dag hadde Surnadal Pensjonistlag årets første trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Sjølv om det var dårleg føre med snø og vind, møtte den «harde kjerne» opp for å vere med på ei trimøkt og sosialt samvær. Surnadal Pensjonistlag har vore så heldige å få med seg fysioterapeut Oda som instruktør på torsdagar utover etterjulsvinteren. 


Strikkekaffe – utsettes til februar!

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. januar 2022

Strikkekaffen som var planlagt til komande laurdag 22. januar, blir utsett til februar, melder Todalen Sanitetsforening.  Saniteten kjem at med ny dato så snart den er klar.  


Informasjon frå Todalen I.L.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. januar 2022

Todalen Idrettslag hadde måndag kveld styremøte. Idrettslaget har, som resten av samfunnet, vore nødt til å tilpassa drifta si til koronasituasjonen som har vore, og som framleis gjeld. Styret ser no at det, i tråd med gjeldande smittevernreglar, er mogleg å opne tilbod som har vore stengt ei stund. 


Tore Renberg til Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. januar 2022

Surnadal bibliotek inviterer, i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal, til forfattartreff med Tore Renberg tysdag 1. februar klokka 19:00 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Litteraturhus i Møre og Romsdal bidreg til at litteraturtilbod blir tilgjengelege for alle i fylket, og er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum. Målet er å gje folk i heile Møre og Romsdal fylke gode litteraturopplevingar. Prosjektet gjeld førebels for perioden 2021 – 2023. 


Stem på årets bilete 2021

Mari B. Redalen Onsdag 19. januar 2022

Her kjem kåringa av fjorårets vinnarar av månadens bilete. Stem på årets bilete for 2021.


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 23.

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Søndag 23. januar klokken 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist denne søndagen. Takkoffer til Misjonsprosjektet, som har vippsnummer 506908. 


Surnadal kulturhus fyller 20 år i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Det er i dag akkurat 20 år sia Surnadal kulturhus på Skei vart offisielt opna. Jubileet vil bli markert seinare i vinter, da ein forhåpentleg opplever ein meir «arrangement-venleg» periode. Kulturstyret la inn kulturhus i sitt langtidsbudsjett allereie i 1987, men det skulle gå lang tid før endeleg vedtak om bygging vart fatta. Kommunestyret gjekk i desember 1998 inn for bygging av kulturhus med ei kostnadsramme på 51 millionar kroner. 


Digital SuSu:Arena 15. februar 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Tysdag 15. februar inviterer SuSu-KOF til digital SuSu:Arena. Dette vil vere ein arena der elevar frå dei videregåande skulane, vaksenopplæringane og elvar frå 10. klasse ved ungdsomsskulane kan delta på digitale stands. Det blir altså ein digital karrieredag.
På dei digitale standane vil det vere utdanningsinstitusjonar frå regionen, opplæringskontora og næringslivet frå Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar, seier prosjektleiar Kim Stian Bråstad.
For å gjennomføre karrieredagen brukar vi ei plattform som heiter «Myonvent», som er tilrettelagt for denne typen arrangement.


Vær- og fartsfylt helg i Vassfjellet i Klæbu

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. januar 2022

For første gong arrangerte Trondheim Randoneeklubb NM og NorgesCup.  Laurdag var det NM i distansen Vertikal, som enkelt og greit består i å kome seg raskast til topps. Dette lokka mange også frå andre kondisjonsidrettar.  Verdt å nevne at nokre av verdas beste fjelløparar stilte til start, slik som Jonathan Albon, Henriette Albon og Johan Bugge ( som vann NM tittelen).


Koronastatus i Surnadal per veke 2, 17. januar

Jon Olav Ørsal Måndag 17. januar 2022

Vekestatus om smittesituasjonen og koronavaksineringa i Surnadal – Status for lokal smittesituasjon
Surnadal kommune har eit pågåande lokalt utbot med stigande smittetrend over tid i kommunen og i
kommunens bo- og arbeidsregion. Sjølv om smittesituasjonen er relativt roleg, har antal smitta i Surnadal på to månader auka frå omlag 20 smitta totalt til omlag 90 bekrefta smittetilfelle.