Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "non-des-2012"

Først publisert: 28. juli 2021, 10:36 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "non-des-2012"

Kurs i opplevelsesproduksjon

Kurs i opplevelsesproduksjon

Jon Olav Ørsal Måndag 8. mars 2010

Reiselivsprogrammet inviterer til nytt kurs i opplevelsesproduksjon. Målet er å utvikle meningsfulle opplevelser som både begeistrer gjesten og gir økt lønnsomhet for verten.

Les heile saka

Pedikyr i fjøset…

Pedikyr i fjøset…

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mars 2010

Den siste veka har Trond Løfaldli frå Rindal drevet klauvskjering i Todalen. I dag er det krav om at mjølkekyrne skal stå på gummimatter, og da får dei ikkje den naturlege slitasjen på klauvene slik som om sommaren når dei går ute. Derfor treng dem oftare stell, og det har Løfaldli spesialisert seg på. han har lang erfaring i dette arbeidet, og sidan 2005 har han bruka ein moderne klauvboks som gjer at han får god arbeidsstilling og som handterer kua på ein grei måte.

Les heile saka

Taklegging på høggir

Taklegging på høggir

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mars 2010

På gammelfabrikken i Brusetmarka er Gunnar Nordvik og Lars Kvendset i gang med taklegging i dei nye utstillingslokala på baksida mot Toåa. Gunnar og Lars skal legge nytt tak i heile det 600 m2 store lokalet, og har rigga seg til med ei stillasvogn. Lokala skal mellom anna bli utstillingslokale for MøreTre, som no satsar for fullt på sitt hovudprodukt MøreRoyal.

Les heile saka

Råssåfoss Kraftverk – snart prøvedrift

Råssåfoss Kraftverk – snart prøvedrift

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mars 2010

Frå Jon Bruset har vi fått bilete frå inntaket til Råssåfoss Kraftverk. Damhuset nærmar seg sluttføring og det gjer også monteringsarbeidet i kraftstasjonen. Da er det nok snart klart til prøvedrift for å teste anlegget før vårløysinga og kraftproduksjonen tek til for alvor.

Les heile saka

Betre sikt i Hauabrekkå

Betre sikt i Hauabrekkå

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. mars 2010

Laurdag var Gudmund K. og Ola G. Kvendset i gang med hogging av graner ved Sisiå. Gudmund fortalte at det var får å betre sikten mot Hauabrekka at grantrea måtte vike for å gjera vegen meir trafikksikker.

Les heile saka

Pass på vatnet!

Pass på vatnet!

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. mars 2010

Det er ei travel tid for rørleggarane om dagen. Dei får fleire telefonar dagleg frå folk som opplever at vatnet er frosset. Laurdag var det full sjau med gravemaskin og rørleggar ved barnehagen. Aud og Ola i Øyå opplevde å koma heim til frosset vatn, og har jobba 3 dagar for å tine og lokalisere kvar det var frosset. Her viste det seg at det var frosset på fleire plassar, men det vart da ei ordning til slutt.

Les heile saka

Nytt kurs i tømmerkapping

Nytt kurs i tømmerkapping

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2010

Nytt kurs i virkesutnytting av tømmer, – tømmerkapping i mars
Det blir ein dag med teori og ein dag med praksis ute. Kursavgift kr 250,-. Påmelding innan 14. mars til Sven Olav Svinvik.

Les heile saka

Stor trafikk på Todalen.no

Stor trafikk på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2010

Todalen.no har heilt sia starten i august hatt ei fin og jamn økning i trafikken. I januar og februar har antal besøk på sia nærma seg ti tusen. Dette er tal vi er veldig godt nøgd men og som nok er langt over forventningane vi hadde før vi starta.

Les heile saka

Årsmøte i historielaget

Årsmøte i historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2010

Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen historielag i Ungdomshuset. Det var oppmøtt eit tjuetals medlemar da historielaget summerte opp eit aktivt år i 2009. Laget har over 170 betalande medlemar, og det må vel kunne seiast å være bra når det er knappe 350 innbyggarar i bygda (med smått og stort).

Les heile saka



Hugs å stemme innan 17. mars!

Hugs å stemme innan 17. mars!

Jon Olav Ørsal Fredag 5. mars 2010

På www.verdiskaparen.no er Kårvatn v/Gudmund Kårvatn nominert til «Årets verdiskaper 2010». Vi i Todalen.no tykkjer han må vera ein sterk kandidat med både ny butikk på nylåven og ikkje minst barneTV-serien «Fjellgarden i Trollheimen». Todalen.no minner om at fristen til å stemme er til og med 17. mars, og at du kan stemme så mange gongar du berre vil.

Les heile saka