Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "non-des-2012"

Først publisert: 18. juni 2021, 10:26 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "non-des-2012"

Saniteten med invitasjon til sommeravslutning

Jon Olav Ørsal Måndag 31. mai 2021

Todalen sanitetsforening inviterer pensjonister i bygda, samt medlemmer i Todalen sanitetsforening til sommeravslutning i Sanitetshuset tirsdag 8. juni kl 18.30.
Vi ønsker påmelding da det blir grillmat og kaffe med noe godt til. 


Premiere for elsykkelutleie

Jon Olav Ørsal Måndag 31. mai 2021

I samband med at Todalen skal profilerast som innfallsport til Trollheimen vil elsykkelutleie bli lansert.  Utleie av elsyklar er eit delprosjekt som blir lansert i tilkyting til lanseringa av innfallsporten.  Sykkelutleia tjuvsatartar alt komande laurdag, og det skjer i regi av Todalen Grendalag som skal administrere utleia den første tida – det vil kanskje ta eit par år enno før innfallsporten kjem i drift. Måndag var det mange som møtte fram da ordførar Margrete Svinvik kløpte snora og ærklærte elsykkelutlånet for opna- skuleborna hadde fått fri til å være med og mange frå sanitetsforeninga var møtt fram. 


Driftsstans for vedlikehald i Bjøråa vassverk

Jon Olav Ørsal Måndag 31. mai 2021

Det kommunale vassverket i Bjøråa melder om driftsstans i føremiddag.  Det er ein mindre reparasjon og periodisk vedlikehald som skal utførast, og dei reknar med ordinær drift igjen seinast kl 12. Surnadal kommune har tilsaman 13 vassverk som dei har driftsansvaret for, rundt omkring i kommunen   I vassverkhuset ved bjøråa er det installert mekanisk filter […]


Bordholmen stadion – sesongens første fotballkamp

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. mai 2021

Torsdag 3.juni klokka 18:00 er det duka for årets første fotballkamp på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen G9 mot Surnadal G9, med andre ord eit klassisk lokaloppgjer! 


Topp blomstring i arboretet akkurat no

Jon Olav Ørsal Sundag 30. mai 2021

No, og nokre dagar framover er blomstringa på topp i arboretet. Den siste tida har det vore massiv rododendronblomstring, men no er også fruktblomstringa i full flor.  Etter at ein lang kaldperiode forsinka blomstringa tidlegare i vår, så har det varme og fine sommarvêreet sett full fart på blomstringa no.  Blomstringa i frukthagen har nærast eksplodert fortel Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagansvarleg for Svinviks arboret. 


Start 4H med overnattingstur til Gjengstøa

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. mai 2021

Start 4H nytta høvet til å ta ein overnattingstur til Gjengstøa i finvêret frå fredag til laurdag. Nokre av medlemmane tok like godt to netter og overnatta heilt til søndag. Medlemmane møtte opp i småbåthamna, og sykla eller køyrde båt frå derifrå og utover til Gjengstøa fredag ettermiddag. Der overnatte dei til i dag. I […]


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. mai 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 31.mai. Oppmøte ved Hals og start derifrå ca. kl. 11:00.


Frå topp til topp – ein fjelltur utan like!

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mai 2021

Vi har i dag fått flotte fjellbilder frå Erik Kårvatn og Kristoffer Nordvik.  Saman med venner frå Trondheim Randoneeklubb har dei vore på ein tur som ingen har gjort makan til i Todalsfjella.  Med start frå Todalsøra gikk turen til Litjfjellet, Rambjøra, Vassnebba, Blåfjellet, Snøfjellet og gikk til slutt «i mål» på toppen av Skjeringfjellet.  Dette er ein tur som tok 10 timar, og var litt av ei oppleving for dei som deltok.


Erik L. Moen fekk Kleivaprisen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. mai 2021

Kleivaprisen har vore utdelt sidan 1998, alltid på Kleivakvelden! Men i fjor vart den ubrotne rekka med å dele ut prisen her oppe på Kleivakongen sitt sete, brote. Da vart prisen delt ut ein annan stad i Vårsøglandet. Da måtte Kleivakveld inn i Storstua på kulturhuset. Det var riktig nok i starten av pandemien, men hovudårsaka til at Kleivakvelden vart flytta inn var at; her vi sit i sola i dag – låg det tjukt med snø i fjor, slik er livet!


Historisk sus frå den øvre delen av Brusetgrenda

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mai 2021

Todalen historielag har gjennomført nok ei suksessfull kulturvandring.  Historielaget jobbar i medvind, og har klart å skape ein stor interesse for lokalhistorie i bygdasamfunnet. Det lokale historielaget har mesta fleire medlemar enn det er innbyggarar i Todalen, og det viser vel at den lokale historia har interesse langt ut over bygdas grenser. – I dag gikk den årlege kulturvandringa til øvre Brusetgrenda – frå Bruset og oppover til Brusetnesset og hengebrua. 


Første rund med kantslått

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mai 2021

Da er første runde med kantslått igang, og skilt på kvennset viste at du kan forvente å treffe kantslåttmaskina som er på runde rundt bygda.  Det har nok vore gode vekstvilkår for både gras og løvetann, så det er nok greit at kantslåtten blir unnagjort før frøsetting. Vi trefte traktoren på veg nedover Bønnavollan, og […]


Lansering av el-sykkelutleige i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mai 2021

På måndag 31.mai klokka 10:30 blir det lansering av el-sykkelutleie i Todalen. Dette er delprosjekt av prosjektet Innfallsport Trollheimen, der Todalen er valt til Surnadal kommune sin innfallsport. Det er kjøpt inn fem el-syklar som skal leigast ut til turistar og andre som ønsker å ta seg ein sykkeltur for å få sjå den vakre dalen vår. Det er Todalen Grendalag som står for drifta av syklane.