Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "non-des-2012"

Først publisert: 10. mai 2021, 03:03 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "non-des-2012"

Michal Kalseth Heimlund ny leiar i Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. april 2021

I går kveld hadde Todalen Idrettslag eit smitteverntilpassa  årsmøte. Det var 16 medlemmer som hadde møtt opp for å vere med på årsmøtet. Årsmøtet valde Michal Kalseth Heimlund som ny leiar etter Nils Ove Bruset, som ikkje tok attval, etter å ha vore leiar i 3 år. Aktiviteten i idrettslaget vart, som så mykje anna i samfunnet, råka av koronpandemien i 2020, men har trass i dette greidd å halde eit ganske bra aktivitetsnivå, spesielt for barn og unge. 


Svinviks arboret inviterer til vårdugnad

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. april 2021

Svinviks arboret inviterer til vårdugnad torsdag 6.mai klokka 18:00. Arboretet håper på godt oppmøte til ei triveleg arbeidsøkt for å gjere hagen klar til sesongen.


Koronavaksinering i heile sommar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. april 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, får vi opplyst at koronavaksineringa ikkje tek sommarferie, slik at vaksineringa vil gå gjennom heile sommaren, utan opphald. Nedanfor kan du lese heile pressemeldinga frå kommunen:


Oscar-vinnar og norsk dokumentar på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. april 2021

Frå og med fredag 30.april viser Surnadal kino den danske oscarvinnaren «Et glass til» og dokumentarfilmen «Generasjon Utøya» der vi møter fire av dei som var på Utøya da tragedien hende for snart 10 år sidan – og som ikkje har gjeve opp sitt politiske engasjement. 


Mange raude dagar i mai – her finn du opningstida på Matkroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. april 2021

Matkroken Todalen informerer om avvik i opningstidene ei rekkje dagar i mai.  Maidagane er prega av både arbeidaranes dag, kristi himmelfart, nasjonaldagen og pinsehelg.  Nokre dagar er det kioskope og eit par dagar – 17. mai og 1. pinsedag (23. mai) er butikken helilt stengt.  


28.04.2021: Melding om eit nytt påvist smittetilfelle i Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. april 2021

Ein vaksen mann i Surnadal har i kveld fått påvist smitte, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding i kveld.  Personen er sett i isolasjon og ein nærståande person er sett i karantene. Smitten er sannsynlegvis oppstått i forbindelse med reise til Trøndelag. Så langt i smittesporinga er det ingen lokale forgreiningar til dette smittetilfellet. 


Stikk UT! oppstart laurdag  1. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. april 2021

Nedteljinga til 1.mai og oppstart av ein ny Stikk UT!-sessong har vore i gang i lang tid. Frå laurdag blir det mogleg å registrere kodar att, og det meste skal vere på plass, melder Nordmøre og Romsdal friluftsråd i ei pressemelding tysdag kveld. 


Linjeinspeksjonen var unnagjort i ein fei!

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. april 2021

Onsdag føremiddag var den tillyste linjeinspeksjonen på Svorka-netter fort unnagjort.  I løpet av ein liten time var heile seansen unnagjort og folk rakk nærast ikkje å slå på kameraet før helikopteret var borte igjen. 


Kjøle kjekt med besøk av sanitetskvinner!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. april 2021

Ungane i Todalen barnehage syntest det var stor stas å få besøk av sanitetskvinnene Jorunn og Kari, dei kom med godsaker til ungane og blomster til dei tilsette. Det er godt for alle å bli gjort litt ekstra stas på i litt uvanlege tider!



Todalen Idrettslag minner om årsmøtet torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. april 2021

Styret i Todalen Idrettslag minner om årsmøtet torsdag 29.april klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Alle møtedeltakarar blir registrert med namn og telefonnummer, og får ved oppmøte tilvist plass. Dette i tråd med gjeldande smittevernreglar.  


Markeringar av frigjeringsdagen 8.mai

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. april 2021

8.mai er det 76 år sidan dei tyske militære styrkane, som hadde okkupert Norge sidan 9.april 1940, kapitulerte vilkårslaust, og den andre verdskrigen, i Norge og Europa, var over. I samband med dette vil Indre Nordmøre Forsvarsforening i samarbeid med Nordmøre Brigadeveteranforening ha fleire markeringar både i Heim og Surnadal kommunar.