Nyheter knytta til Images tagged "landbruk"

Ei annleis avslutningsfest for NoFo-elevar
Onsdag ettermiddag var kampsportgruppa ved Nordmøre Folkehøgskule samla til avslutningsfest på Gammelfabrikken i Brusetmarka. NoFo har nemleg sin siste skuledag komande laurdag og dermed var det duka for ei litt spesiell avsluningsfest denne ettermiddagen. Dei laga nemleg sin eigen festmeny, som bestod av Viltgryte med tilbehør og Pizzasnurrar med viltkjøtt.

Bygda i måneskinn vant månadens bilete.
Vinnaren av månadens bilete for april ble Ingri Bruset. Redaksjonen gratulerer, og premien er klar.

Førebur ny sesong i arboretet
Onsdag kveld var det lokale hagelaget på den årlege dugnaden i Svinviks arboret. I løpet av eit par timar svinga dei både river, hakker og hagesakser, så nå er det ryddig og fint til sesongopninga til neste helg. Nærare bestemt så opnar aroretet for ny sesong fredag 20. mai – og det stemmer nok bra med blomstringa i hagen, seier Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagleg ansvarleg i arborete

Fjellgruppa sesongopna med «topp» tur til Kvalnesvika
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sesongopna med «topp» tur til Kvalnesvika i går. – Sjølv om det ikkje var topptur, vart det likevel mange høgdemeter om vi legg saman alle motbakkane att og fram, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.

Dugnad og klargjering til sesongstart
Tysdag kveld var det dugnad og klargjering for laksefisket i Toåa. Laksefisket startar først 15. juni, dugnadsgjengen jobba med å få alle skilta på plass ved elva, og på strekninga Meet til Nedre Oddøyhølen er skilting og rydding prega av «Gyda» som laga 10-årsflaum i To

Lokal oppdrift og lokale perler- det er klart for et nytt Surnadals-magasin
I ei pressemelding vi har fått frå Amfi Kreativ, blir vi informert om at dei no er klare med ei ny utgåve av Surnadals-magasinet. No er det vårutgåva av magasinet som står for tur, og magasinet er fylt med både aktivitetskalender for sommeren og lokale badeperler i Surnadal kommune.

Ledsagerteneste «Treng du fælje?»
Helse- og omsorgstenesta, Kultur og Frivilligsentralen i Surnadal kommune, har i 2021/22 hatt eit samarbeidsprosjekt. Samarbeidsprosjektet har dei kalla: Ledsagerteneste «Treng du fælje?». Dette er ei følgeteneste, basert på frivillige, som kan bli med innbyggarar, som ønsker det, til legetime og sykehus. Arbeidsgruppa inviterer difor til informasjonsmøte torsdag 12. mai klokka 18:00 i lokala til Frivilligsentralen i Møbel-Fiske bygget på Skei, for å informere om den nye tenesta.

Dahle – Søya/Todalen G10
I går kveld spela Søya/Todalen sitt G10 lag sesongens første seriekamp denne sesong. Motstandar var Dahle frå Kristiansund, og kampen vart spela i Kristiansund. Heimelaget kom best i gang i kampen, men bortelaget kom meir med utover i kampen.

Stavgang til Haltbakken torsdag
Torsdag 12. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Haltbakken. Oppmøte og parkering ved Rabbleet (Sollia) på Nordvik. Det blir kaffepause i gapahuken på tur frå Haltbakken.

Lyspålane i lysløypa på Ørsal tekne ned og demontert
I løpet av helga har det pågått demonteringsarbeid av lyspålane i Todalen Idrettslag si gamle og nedlagte lysløype på Ørsal i Ørsalbukta. Det var Bjørn Kvendset, med gravemaskin med klip, som tok ned alle pålane. Ola H. Ansnes demonterte alle lysarmaturane og kablane, slik at armaturen og kablane, no i kveld, kunne samlast inn for levering på godkjent søppeldeponi.

Nye benkar laga og sett på plass
I løpet av helga har det vorte laga nye benkar, som er designa i tråd med profilen til «Innfallsporten til Trollheimen», sitt designprogram. Det er Ståle Ansnes og Ragnar Halle som har stått ansvarlege for arbeidet. Søndag var det klart for å køyre ut og plassere benkane på dei stadane som skal ha slike.

Stem på månadens bilete for april
Her kjem nokre blinkskudd fra april, kva bilete likte du best?