Nyheter knytta til Images tagged "j14kust-mal"

Svanhild var ein snartur heimom
Klassekampens sommerbåt går i år frå Trondheim til Bergen, og det er galeasen Svanhild som sørgjer for sjøvegs transport for reisefølgjet. Frå Trondheim gikk turen til Frøya, vidare til Smøla og så til Surnadalsøra/industrikaia der båten er kveld. Bladfykane arrangerer på sin tur nedover Vestlandet både debatt, konsertar og panelsamtalar og er på jakt etter gode saker

Lunsjvandring i arboretet onsdag
Onsdag 22. juni, arrangerer Svinviks arboret nok ei «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa. Svinviks arboret kan også freiste med fotoutstillinga «Store lille verden» som Jõrg Brunke akkurat no har i den gamle billettbua i arboretet.

St. Hans og solkverv
Vi feirer St. Hans den 23. juni og mange lever vel i den trua at det er da «sola snur»? Det stemmer faktisk ikkje, for tidspunktet for retningsskifte for sola er alltid på 20. eller 21. juni på den nordlege halvkula. I år skjer det 21. juni kl 11:13 – da er det offisielt solkverv – eller sommarsolkverv.

Talgø styrker staben – satser på fremtiden
I dag har vi mottatt pressemelding om at Per Otto Flæte er ansatt som utviklingsdirektør i Talgø. Innovasjon er en sentral del av Talgø-konsernets DNA, og selskapet har alltid satt utvikling i høysetet. Selskapet har nå ansatt Per Otto Flæte i nyopprettet stilling som utviklingsdirektør, og viser med dette at de ønsker å ta stadig nye steg innen forskning og utvikling. Flæte kommer fra stillingen som forskningsleder ved Norsk Treteknisk Institutt og kjenner godt til Talgø

«Todalsmarked» under Todalsdagen 2. juli
Under Todalsdagen 2. juli på Bordholmen stadion, ønsker Todalen Idrettslag å «løfte» fram alle dei flinke lokalprodusentane, som finst i Todalen. Mange av desse har allereie takka ja til å vere med, og om det skulle vere fleire som ønsker å vere med, er det berre å ta kontakt med Elinor Bolme for å melde seg på, gjeld lokalprodusentar i Todalen og på Nordvik.

Inviterer til St. Hans-feiring ved Båthølen
TILs trimgruppe inviterer til St. Hans-feiring ved gapahuken ved Båthølen torsdag 23. juni frå kl 18:00 og utover. Trimgruppa fyrer opp grillen og held den varm frå kl 18:00. Ta med grillmat etter eige ønske – kaffe og saft ordnar Trimgruppa med, melder Todalen Idrettslag.

Kløvertur – siste før ferien
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 20. juni. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Cathrine Grutle takkar av
Med gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag takkar Cathrine Grutle av som vikarprest i Stangvik-området. Siste året har den tidlegare Tingvoll-presten vikariert for Kristin Strand i Stangvik, Todalen og Åsskard kyrkjelydar. Cathrine har fått prestestilling ved Bergen – i området der mannen Leif Endre er tilsett som prost. Det er Åsskard sokneråd som melder at ho […]

Brannen på Melby – kunne gått mykje verre!
Vi har vore heldige tross alt, seier dagleg leiar og gründer Bjørn Melby som opplevde brann i fabrikklokala på Talgø-bedrifta Melby Snekkerverksted i Eide. Det er ein del skade på fabrikkbygninga det overflatebehandling og pakking går føre seg – men skadene er mindre enn ein først trudde, seier Melby

Klart for busstur i morgon – nokre plassar framleis ledige
Alt er no klart til Todalen historielag og Stangvik historielag sin busstur til Surnadal, Rindal og Meldal i morgon. Det blir mellom anna besøk på skimuseet i Rindal og middag på Bolme pensjonat på returen frå Meldal. Det blir meldt om at det framleis er nokre få ledige plassar, om nokon, på kort varsel, vil vere med? Ta da eventuelt kontakt med John Moe på telefon 920 48 854 snarast!

Rensa grøftene på Ansnesvegen
Dei siste par dagane har det pågått grøftrens på Ansnesvegen – frå Todalsøra og utover til Ansnessaga og Ansneset etter kommunevegen. Det er Lars Arne Bøe frå Mesta i Surnadal som er leid inn av Surnadal kommune for å gjera denne jobben.

Aktivitetsdag på Bordholmen
I dag tok Todalen og Stangvik oppvekstsenter, som til vanleg er lokalisert på Evenshaugen, turen til Todalen for å ha aktivitetsdag på Bordholmen stadion. Her var det mange gjennomført mange forskjellege aktivitetar dei knappe fire timane dei hadde til rådigheit.