Nyheter knytta til Images tagged "fjell"

Skyteprøve: Førebur seg på jakta i haust
Kvar måndagskveld sia 27. juni har Søya og Todalen Skytterlag arrangert skyteprøver for storviltjakta på skytebanen i Ranheimsvingen på Kvanne. Skal du på storviltjakt så slepp du ikkje unna skyteprøven i år, slik som dei to pandemiåra. Det er obligatorisk med 30 prøveskott, og 5 skott til skyteprøven og 5 treff.

Stavgangarane tek turen til Ranessetra på torsdag
Etter ein kort ferie, startar Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag haustsesongen med stavgangtur til Ranessetra torsdag 11. august klokka 11:00. Oppmøte ved bommen klokka 11:00, for samkøyring oppover til parkeringsplassen.

Kåra til beste bilete i juli
Stemmane er talt opp, og det er Ann Iren Kalseth sitt bilete av Todalsøra som er kåra som beste bilete frå juli.

Surnadal JFF med aktiv start på hauset
Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) si «Jentehelg» er årets nykommar på aktivitetsfronten, og blir arrangert helga 26. – 28. august. Kvinneutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) håper da på stor oppslutning! Det vil vere mogleg å delta heile helga, eller berre på turen til Vaulen, som er frå laurdag til søndag.

Svinviks arboret – fin avslutningsdag for sesongen 2022
Sommaren 2022 har vore våt og kald, men endeleg vart det ein finversdag. Det syntest vertinnene i Svinviks arboret var riktig så bra!

Flytta dag for arrangement – vart suksess
Nordmøre gatebilklubb skulle egentleg avvikle sitt arrangement i Røtet laurdag, men håplaus vêrmelding gjorde at dei bestemte seg for å utsette arrangementet til søndag. Det vart ein ubetinga suksess, for søndag var det mellom 1500- 2000 som besøkte gatebilarrangementet – kanskje var det enda fleire.

Stangvik Historielag – tur til steinløa
Laurdag 13. august klokka 10 inviterer Stangvik Historielag til tur til Steinløa, som ligg på Østbødalssida av Svarrafjellet. Guide blir Bjarne Holten, som har vore pådrivar for det store restaureringsarbeidet, som ein dugnadsgjeng frå historielaget har utført med løa. Løa er så vidt dei veit den einaste løa bygd av stein i Surnadal kommune, og i Steinslettet var det slått til kring 1900.

Påminning: Stem på månadens bilete for juli
Gløym ikkje å stemme fram din favoritt til å bli månadens bilete i juli! Kåringa vert avslutta ved midnatt søndag 7. august.

Airpods funne i ballbingen
Olav Halle har funne eitt par svarte Airpods i ballbingen ved Todalen Oppvekstsenter. Om dette er dine Airpods, kan du ta kontakt med Olav Halle på telefon 913 81 461, så får du dei att.

Espen Lind – ein akustisk aften på Leikarvollen Scene
No startar billettsalget! Ønsker du å sikre deg billettar til konserten med Espen Lind på Leikarvollen Scene 05. november har du moglegheita frå kl.09 i dag! (fredag). Klikk deg inn på Tikkio og sikre deg billettar no til årets konserthappening!

Sesongen går mot slutten i Svinviks arboret
Søndag 7. august er siste ordinære opningsdag i Svinviks arboret denne sommaren. Arboretet oppfordrar difor til å turen innom i løpet av helga, for eit besøk i hagen, og for å sjå på fotoutstillinga til fotograf Jörg Brunke – eller berre nyte ei triveleg stund i kafeen, med utsikt over den frodige hagen.

Hett & Svett – ny elektronisk dørlås på plass
I går vart det montert ny elektronisk dørlås på ytterdøra ved Hett & Svett. Samtidig vart det delt ut elektroniske kodebrikkar til dei medlemmene, over 16 år, som møtte opp ved Hett & Svett. Frå etter helga, må ein ha kodebrikke for å kunne nytte treningstilbodet ved Hett & Svett. Todalen Idrettslag ventar på ny forsyning med kodebrikkar, slik at alle medlemmer, over 16 år, og som ønsker det, kan få slike.