Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "emma-saether-i-fullt-driv-for-j16-stku"

Først publisert: 26. januar 2022, 05:42 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "emma-saether-i-fullt-driv-for-j16-stku"

Balldag: Fritt val – sildball eller potetball

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. januar 2022

Rekordtidleg start med balldag på Todalshytta i år!  Tysdag 1. februar inviteres det til en balldag full av mulegheiter – for det første kan du kan velge om du vil ha sildball eller potetball!  Og ikkje nok med det, du kan også velge om du vil spise i restauranten på Todalshytta – eller om du vil ta middagen med deg heim – «takeaway» på godt norsk. Det blir servering i tidsrommet kl 15.00 til 18.30. 


Talgø søker etter ny IT-ansvarlig

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. januar 2022

Talgø Invest går i dag ut med annonse og søker etter ny IT -ansvarlig som skal erstatte dagens IT-ansvarlige som går av med pensjon i løpet av 2022.  Som IT-ansvarlig i Talgø Invest vil du få ansvaret for IT-driften i konsernets selskaper.  Bla videre og les mer om den ledige stillingen som IT-sjef…


Barn i løypa i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Tysdag 25. januar frå klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 


Surnadal JFF kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte måndag 24. februar klokka 19:30 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Vanlege årsmøtesaker. I tillegg blir det oppfølging av sak om vedtektsendringar og kontingentsatsar vedtekne av landsmøtet i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i 2021.   


Minner om volleyball i morgon kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Todalen Idrettslag minner om volleyball i morgon kveld i gymsalen på Todalen skule klokka 20:00. Det er felles garderobe og ikkje høve til å dusje etter volleyballen. Oda Halle i Todalen Idrettslag håper mange møter opp og blir med på volleyball!


Vekestatus for koronasituasjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

I dag var det eit ekstraordinært Formannskapsmøte i Surnadal kommune, for å diskutere vidare lokal forskrift for smitteverntiltak. Kommuneoverlege Bjørn Buan ville gå lengre enn politikarane og ville forlenge forskrifta til godt ut i februar, men Formannskapet vedtok til slutt samrøystes førebels å forlenge den lokale forskrifta berre ut januar. Dette inneber at barnehagar og skular framleis vil vere på gult beredskapsnivå, noko som inneber at elevane må ta hurtigtest kvar veke. Surnadal vidaregåande skule er flytta over på grønt beredskapsnivå. 


Haukåbrua blir som ny – arbeidet i gang

Jon Olav Ørsal Måndag 24. januar 2022

Måndag starta arbeidet med reparasjon av Haukåbrua.  Haukåbrua vart bygd på slutten av 1950-talet, og no er tida komen for litt omfattande vedlikahald.  Brus skal no få nytt rekkverk, samtidig som det skal utførast reparasjon på sjølve brua, som har vridd seg litt.  Dermed er det behov for å jekke opp brua og skifte til nye lager på den over 60 år gamle brua som vart bygd etter at gammelbrua reiste med flaumen på slutten av 50-talet.


Trim i Meirerisalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Torsdag 27. januar kokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen. 


I.L. Søya kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. januar 2022

Idrettslaget Søya kallar inn til årsmøte måndag 28. februar klokka 19:30 i klubbhuset på Søyabanen. Dei inviterer alle sine medlemmer til årsmøtet i idrettslaget. 



Ny sjølvbetent hentestad for hurtigtestar til innbyggarane i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. januar 2022

Frå og med i dag, kan du hente deg hurtigtest i gangen på Familiens Hus (same inngang som Helsestasjonen ved kommunehuset) mellom kl. 09.00 – 16.00. Dette opplyser Surnadal kommune i ei pressemelding no i ettermiddag. Det ligg også informasjon om dette på Surnadal kommune si heimeside: surnadal.kommune.no


Stem på årets bilete 2021

Mari B. Redalen Torsdag 20. januar 2022

Her kjem kåringa av fjorårets vinnarar av månadens bilete. Stem på årets bilete for 2021.