Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "2011"

Først publisert: 7. juli 2022, 12:38 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "2011"

Mmmmm…

Mmmmm…

Elinor Bolme Onsdag 11. august 2010

No i kveld var rundt 100 personar oppmøtt i Svinviks Arboret for å oververa framsyning av klede frå Edel Design. Eit merke som står for rå eleganse i reine naturmaterialar – nydelege, kortreiste klede skapt i Norge av designer Edel Urstad.

Les heile saka

«Undervegs» frigjort.

«Undervegs» frigjort.

Elinor Bolme Tysdag 10. august 2010

Som nemt tidlegare vart bestillingsverket laga av kunstnar Ole Mauset, avduka utanfor butikken på Kårvatn i dag. Ole Mauset var sjølv tilstades, og overlet lett avdukinga til Kristin Krohn Devold som tidlegare hadde takka ja til oppdraget.

Les heile saka

Vandrefestival i gang.

Vandrefestival i gang.

Elinor Bolme Tysdag 10. august 2010

Da er den andre i rekkja av Norsk Vandrefestival opna. På Kårvatn er det i dag full skuv, med ulike aktivitetar etter behov.

Den offesielle opninga gjekk føre seg ved Nauståfossen, med Kristin Krohn Devold som åpnar. Ellers var både orførarane frå Halsa, Rindal og varaordføraren frå Surnadal tilstades for å kaste glans over markeringa. Kattsmygarlaget frå Tingvoll hadde og eit innslag undervegs.

Mykje bilete frå dagens aktivitetar er med i saka.

Les heile saka

Klart for festivalstart

Klart for festivalstart

Ole Petter Talgø Måndag 9. august 2010

Måndag kveld var det full aktivitet på Kårvatn, med montering av telt og klargjering til startskuddet på Norsk Vandrefestival tirsdag. Tirsdag klokken 14.00 er det offisiell åpning ved Nauståfossen, og utover ettermiddagen er det matsalg, aktivitetar for barn og unge, seminar, kurs i polsdans og festivalkveld med heilstekt gris, levande musikk og dans. Arrangementa er […]


Bra avlingar i andreslåtten

Bra avlingar i andreslåtten

Jon Olav Ørsal Måndag 9. august 2010

Både Ståle Ansnes ved Todalen samdrift og Gudmund K. Kvendset i Viastua er godt nøgd med avlinga i andreslåtten, som no er i full gang. Graset har kome for fullt dei siste dagane, og for å nytte det godværet har slåttaarbeidet pågått heile helga og fortsett denne veka. Todalen.no tok ein runde kveldsrunde rundt bygda for å sjå på aktiviteten.

Les heile saka

Sykkeltrim på tiande året.

Sykkeltrim på tiande året.

Elinor Bolme Sundag 8. august 2010

Kvar søndags ettermiddag arrangerer Nordvik Grendalag sykkeltrim. Då er sykkel og trim interesserte samla for ei felles økt med naturleg nok sykling og kaffelag etterpå. Her er det ikkje krav om hverken kondis eller topp utstyr, då det sosiale tel vel så mykje. Likevel er det eit sikkert tegn også i Todalen og at det er sykling på Nordvik, då det stort sett kvar gong er ein hale av spreke tilårskomne karar som hastar rundt bygda i full fart.

Les heile saka

Pølseproduksjon med forbrødring

Pølseproduksjon med forbrødring

Jon Olav Ørsal Sundag 8. august 2010

På grovkjøkenet på Talgø gard var det internasjonal forbrødring her om dagen da det vart laga hjort- og elgpølser etter både norske og polske oppskrifter. Det var Jon Olav Roaldset som var sjefspølsemakar, med god assistanse av Anita Talgø og polakkane Tadeuz og Damian Przespolewski frå Poznan. Det vart laga pølser etter tre forskjellige oppskrifter og med 30 kg råstoff og stapping i reingjort naturtarm vart det heimlaga pølser av beste merke.

Les heile saka

Bli med og bygg «Kvit varde»

Bli med og bygg «Kvit varde»

Jon Olav Ørsal Sundag 8. august 2010

Som ein del av programmet til Norsk Vandrefestival inngår bygging av ein kvit varde ved Tristeinan. På ein fin og oversiktleg haug, med utsikt lant utover «fysnin» skal det onsdag leggast ned grunnstein for ein ny varde. Det er eit kunstprosjekt som er kalla «Kvit varde», og er i regi av todalskunstnaren Toril Redalen. Toril har peika ut plassen i samråd med grunneigar Anita Talgø og med god hjelp frå Jon Bruset.

Les heile saka

Rømmegraut på Buret

Rømmegraut på Buret

Jon Olav Ørsal Sundag 8. august 2010

Ein liten annonse for rømmegrautservering på Buret i Bøfjorden pirra nysgjerrigheta til å ta ein tur utover sist laurdag. Etter ein biltur på ca 55 km frå Todalen var vi framme i Bøfjorden, og Buret vart lokalisert like ved brua som går over på Bølandet. Her har todalingen Hallvard Brusethaug og kona Liv Berit innreia […]

Les heile saka

VM-tipping – takk for tippemidlar

Jon Olav Ørsal Fredag 6. august 2010

Tippekonkurransen på ICA Todalen i høve fotball-VM ga 1500 i overskot. Todalen.no fikk denne summen som pengegåve under ein enkel seremoni på kaffekroken fredag. Pengane kjem vel med til drifta av nettsida. Stor takk frå redaksjonen til Terje Nordvik for initiativet!


Edel design på vandring med Fjord og fjell

Edel design på vandring med Fjord og fjell

Jon Olav Ørsal Fredag 6. august 2010

Onsdag 11.august kl 18 er det duka for ei heilt spesiell hending i Svinviks arboret – da blir det visning av Edel design – edle, norske designklede – i blomstrande samspel med jazz- og folkemusikkinspirerte tonar frå musikarane i Fjord og fjell.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Fredag 6. august 2010

Ein ny månad er over, og det er tid for å kåre månadens bilete for juli. Som forrige månad ynskjer vi å få med alle besøkande på stemmegivinga, og vi har plukka ut seks kandidatar frå dagens bilete-bileta i juli. Det biletet som har flest stemmer ved utgangen av tirsdag kveld vil bli kåra til månades bilete for juli.