Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Images tagged "2011"

Først publisert: 16. august 2022, 08:11 - Sist oppdatert: ,

Nyheter knytta til Images tagged "2011"

Tok 10-spiring på Kulihammaren

Tok 10-spiring på Kulihammaren

Jon Olav Ørsal Sundag 19. september 2010

Hjartet slo nok nokre ekstra slag da Ola fikk 10-spiringen på posten på Kulihammaren. Kvennset jaktlag jaga opp lia til Kulihammaren da 10-spiringen kom på posten til Ola, som satt på hovedkposten på Kulihammaren. Da vart det travel med å finne storhjorten i siktet og få til skikkeleg avtrekk. Og hjorten fall. Den har ikkje vore på vekta, men vart taksert til godt over hundre kg.

Les heile saka

Resultat på det jamne

Resultat på det jamne

Jon Olav Ørsal Sundag 19. september 2010

2010 blir eit normalår for sauedrifta, trur Kåre Øyen. Han sendte i overkant av 130 dyr på fjellet i vår, og etter eit par veker med saueleiting saknar han no berre 5-6 lam. Det reknar han som eit normalår og er godt nøgd når han ser kor store tap det er på andre sia av fjellet, i Innerdalen om områda omkring.

Les heile saka

Elgfall på Storhaugen

Elgfall på Storhaugen

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. september 2010

Det vart både elg og hjort på jaktlaget på sørsida av bygda i dag. Etter resultatlaus jaging i Øyalia, vart det sett ut postar på Storhaugen og jaga dit gjennom Brusetbotnan. Da vart det både elg- og hjortfall på Storhaugen. Ein ungokse på ca 180 kg gikk i bakken etter ein fulltreffar frå Anders Halset. Ola Bruset sørga for at ein spissbukk fall i same området.

Les heile saka

Ny sandkasse på dugnad

Ny sandkasse på dugnad

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. september 2010

På leikeplassen, som ligg i tilknyting til Kvennsetøran boligfelt, var det laurdag full aktivitet med opprusting og bygging av ny sandkasse. Både store og små var med på arbeidet, og i løpet av dagen blir det nok klart for å fylle på ny sand og starte leiken.

Les heile saka

Omsorgsberedskap i fokus.

Omsorgsberedskap i fokus.

Elinor Bolme Fredag 17. september 2010

Tirsdag kveld arrangerer Todalen Sanitetsforening omsorgsberedskapsmøte i Kommunestyresalen på Skei. Dette er eit møte for å fa fleire lag og organisasjonar til å oppretta omsorgsberedskapsavtaler med sin eigen kommune.

Todalen sanitetsforeining gjekk inn i eit slikt samarbeid med Surnadal kommune på januar i år, og i Rindal har dei samarbeidd enda lengre. Der har dei og ved fleire anledningar vore i aksjon dei siste åra.

Les heile saka

Toril Redalen stiller ut på Nasjonalmuseet.

Toril Redalen stiller ut på Nasjonalmuseet.

Elinor Bolme Torsdag 16. september 2010

Frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har vi motteke ei pressemelding i høve at Toril Redalen er antatt på utstillingen KUNSTHÅNDVERK 2010, som åpner på Nasjonalmuseet, Kunstindustrimuseet lørdag 18. september kl 1400.
Utstillinga viser det ypperste av samtidens kunsthåndverk og er juryert i to omgangar.

Les heile saka

Tap mot CFK for G14.

Tap mot CFK for G14.

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 16. september 2010

Spillerne gikk skuffet av banen etter hjemmetap 1-2 mot CFK i Ålvundfjorden onsdag kveld. Hjemmelaget åpnet forsiktig, og vi savnet både spillet og innsatsen fra forrige hjemmekamp. Ingen av lagene kom til målsjanser før en CFK-spiller sendte i veg et langskudd som gikk i en bue over keeper Markus Nerdal Søraas og i mål.

Les heile saka

Til Shanghai på møbelmesse

Til Shanghai på møbelmesse

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. september 2010

I forrige veke vart møbelmessa «Furniture China 2010» arrangert i Shanghai i Kina. Frå Talgø var salgssjef Rune Moe og PU-sjef Anita Talgø der, for å sjå på nye trendar og for å følge opp Talgø sine leverandørar og faste forretningskontaktar. Det vart 3 dagar på møbelmessa og 3 dagar med besøk hos eit 10-tals leverandørar i området rundt Shanghai. På heimesida til messearrangøren står det at dei venta ca 70.000 besøkande til messa frå tilsaman 160 land. Så det var eit yrande liv og mykje møblar.

Les heile saka

Foreldremøte i oppvekstsentret

Foreldremøte i oppvekstsentret

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. september 2010

Tysdag 21.september er det foreldremøte for Todalen barnehage og Todalen skule. Møtet er i gymsalen på skulen kl. 18.30, mange interessante saker! I tillegg er det også eigne møte for barnehagen og dei ulike klassane – sjå tidsplan på innkallinga som er sendt ut med elevane til heimen.


Dametrimmen startar på igjen

Dametrimmen startar på igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. september 2010

Torsdag 23. september kl 20 startar «Dametrimmen» ny sesong i gymsalen på Todalen Oppvekssenter. Dei ønsker gamle og nye trimmarar velkomne til trim, fortel Turid Hals Sæther til Todalen.no.


Talgø overtek drifta på Vinstra

Talgø overtek drifta på Vinstra

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. september 2010

Frå 1. januar overtek Talgø drifta av lageret på Vinstra. Dei vil da auke leigearealet frå 10.000 m2 til å leige heile lageret på ca 20.000 m2, og eit eige Talgø-selskap vil frå same dato drifte lageret. Handelshuset Martinsen flyttar si lagerverksemd til eige lager på Jevnaker. Det nye Talgø-selskapet vil få 15-20 ansattte og får eiga leiing.

Les heile saka

Heime frå fjellbeitet

Heime frå fjellbeitet

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. september 2010

Beiteforholda i fjellet har stått sitt høgste, og dei fleste sauer og krøter er komne heim frå fjellbeitet. Det har i år vore gode beiteforhold, men no er nok hausten i ferd med å gjere sitt inntog i fjellet og beitekvaliteten er redusert. I tillegg spøker også rovdyrproblema, og vi høyrer at jerven gjer stor innhogg i sauflokkane. I år ser det ut til at desse problema er moderate i Todalsfjella, men sauleitinga er enno ikkje slutt så resultatet er enno litt usikkert.

Les heile saka