Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Zakki» er fotballfrelst og Todalspatriot

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 18. januar 2026

Ålvundeidingen Ole Zakarias Børset (64), best kjent som «Zakki», er fotballfrelst og ein ekte Todalspatriot. «Zakki» har heile livet vore ein lidenskapeleg tilhengar av fotballklubben Aston Villa FC frå Birmingham i England. «Zakki» bor på Sunndalsøra der han arbeider som bakar hos Johansens Bakeri.

Han er på fleire Todalsbesøk kvart år. Dei fleste av turane er med overnatting, og da er det Terje Nordvik eller Ragnar Halle som er vertskap. Men «Zakki» har også sjølv fleire besøk frå Todalen i løpet av året. Men ein fellesnemnar for alle besøk er at det er ei eller anna form for servering.

Fotball er ein viktig del av livet til «Zakki»

Dei fleste av Todalsbesøka er knytta til engelsk fotball, da også Terje og Ragnar er interesserte i engelsk fotball. Terje er Manchester United FC fan, medan Ragnar er fan av «lillebror» frå Liverpool, Everton FC. Når Aston Villa spelar mot Manchester United FC eller Everton FC er «Zakki» alltid invitert på besøk med overnatting og full pensjon. Menyen kan variere, men ein ting er fast, «Zakki» har alltid med kake frå bakeriet!

Under kampane kan det gå hardt for seg verbalt, men hittil har det i alle fall ikkje kome til slåsskampar eller andre valdshendingar. Språkbruken er nok også litt mildare enn på sjølve stadion, medan engasjementet er minst på same nivå!, Men når dommaren har blåse i fløyta for siste gong, er dei like gode vener, i alle fall etter ei lita stund

«Zakki» har sjølv ei karriere som fotballspelar, om ikkje akkurat på Premier league-nivå, som keeper for moderklubben Kvass/Ulvungen, der han vart den første til å passere tre hundre spelte kampar, og andre lag lokalt. Han har også vore trenar i barne- ungdomsfotballen både i Kvass/Ulvungen og Sunndal.

Sjølv om «Zakki» ikkje vart landskjent som keeper, så vart han skikkeleg landskjent som hovudperson, i fullt supporterutstyr frå Aston Villa FC, i reklamefilmen og på plakatar, som reklamerte for Premier League 2022/23 på Canal digital.

«Zakki» tek kvart år eit par turar til Birmingham kvar sesong for å sjå sitt kjære Aston Villa FC. Så i slutten av januar tek han ein ny tur for å få med seg ein Europacup-kamp og ein Premier League kamp med favorittlaget sitt

Takk for kampen! Foto: B G Ansnes

Ny triveleg Todalshelg 

Laurdag og søndag var det tid for eit nytt besøk i Todalen. Da var det middag med tilbehør hos Ragnar i Bekkerhan, med gode vener. Overnattinga var også denne gongen på Todalsøra hos Terje.

Søndag var det først kyrkjegang med kyrkjekaffe. – Sokneprest Pål Arne Winsnes sa under kyrkjekaffen at Everton FC kom til å vinne dagens kamp, påsto Ragnar. Om dette er sant, har vi ikkje fått bekrefta enno.  

Før det var tid for å varme opp til kampen, var det lunsj på Kvernhaugen hos Ragnhild Ansnes og John Moe.

Fotballkampen såg dei hos Ragnar, og oppvarminga besto av kaffe og kaker. «Zakki» hadde fått ein kollega til å lage ei kake spesialdesigna for kampen.

Det var spesialdesigna kake til oppvarminga, som ein kollega av «Zakki» hadde laga. Foto: B G Ansnes

Sjølve kampen vart aldri det heilt store, var Terje John og «Zakki» einige om, men Rangar  var litt meir nøgd, sidan det vart seier til Everton FC med ein nutt.

– Eg har frykta denne kampen, og at vi skulle tape, sa ein litt resignert «Zakki».

– Eg må berre innrømme at Everton FC var best i dag, la han til.

Men «Zakki» besøker også Todalen utan at det er fotballkamp på TV-en som står på programmet. Kvart år, rett før jul, er det lutefisk-lag med gode vener, og da blir det langhelg, med overnatting frå fredag til søndag. – Jeg trivst veldig godt i Todalen, og jeg har mange gode venner her, avslttar «Zakki»

– Takkar for nok eit kjempefint opphald karar, og på gjensyn! Todalen er favoritten og her trivest eg godt, avslutta ein godt nøgd «Zakki!

Publisert: 18. januar 2026, 20:42