Den siste veka har vinteren kome ganske nær oss – som ein kan sjå av framsidebiletet er det kome nysnø i fjella, både i Snøfjellet, Skjæringfjellet og i Grinaren. Dei siste par dagane har det vore rim på marka og is på vindusrutane på bilden. Forholdsvis troskyldige vintertekn så langt, med det er likevel eit signal om at det er meir i vente.
Det er og tid for å få vinterdekk på bilen – køyrer du piggfritt så er det fritt fram for skifte, medan du kan montere på piggdekk frå 1. november eller når føret tilsier at det trengs vinterdekk/piggdekk for å køyre sikkert. Da er det sikkert lurt å finne fram piggskor eller brodder, slik at du har dem klar når du treng dem. La oss håpe at vi ikkje treng dem riktig enno – det hadde da vore fint med litt fint haustvêr enno – ffor ikkje å snakke om indian summer.


