Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vil kjempe for den vidaregåande skulen

Jon Olav Ørsal Fredag 7. november 2025

Fylkeskommunedirektøren har kome med forslag om å leggje ned linjene for påbygg-3 og påbygg 4 ved den vidaregåande skulen i Surnadal.  Dette er svært uhelding, og no blir det mana til koamp for å berge dei to klassane, der både elevar, lærarar, foreldre,politikarar og næringsliv er samstemte. -Vi er redd at dette er første steg i retning for nedlegging av skulen på sikt. 

Mange elevar tek yrkesfag før dei tek påbygging for å skaffe seg studiekompetanse.  Da vel dei ofte ein vidaregåande skule som har påbyggingslinjer  for å kome vidare. Dersom Surnadal mistar denne moglegheita vilde det føre til at skulen mistar mange elevar og da kan nedleggjing være ein trussel. 

Skuleutvalet ved Surnadal vidaregåande skule, der ordførar Hugo Pedersen er leiar, har både elevar, foreldre lærarar og politikarar i ryggen. Foto Jon Olav Ørsal

Difor samla alle seg på på skulen i dag for å markere ein sterk motstand mot ei slik utvikling.  Ordførar Hubo Pedersen som er leiar i skuleutvalet som har skrive høringsdokumentet for saka – i dag har dei skrive nok ein uttale om denne viktige saka. I dag er det 208 elevar ved skulen, så dersom ein mister Påbygg 3- og 4 vil det påverke elevtalet i så sterk grad at det faktisk kan bli snakk om nedleggjing etter kvart. 

Torsdag vart saka debattert i kommunestyret, som vil levere eigen uttale – på møtet vart det faktisk teke til orde for at ein skulle vende seg mot Trøndela, slik som Halsa og Rindal gjorde.  Slik tilhøva er i dag er det imidlertid einigheit om at påbyggingsfag må være i Surnadal.

Dersom elevar reiser ut for å vidaregåande skulegang er det erfaringsvis vanskeleg å få dei til å kome attende til heimbygda etter endt utdanning. Ein anna ulempe er sjølvsag at dei reiser ut til eit ufrivillig hybelliv, som vil være ein større fare for fråfall i så ung alder. 

Utdanningsutvalet i MR-fylke skal behandle denne saka komande måndag, før den går vidare til fylkesutval og fylkesting.  Da får vi håpe at saka tek ei fornuftig vending – det er inga skam å snu!

Publisert: 7. november 2025, 13:13