Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vil ha trygg trafikk i skuleområdet på Øye

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2026

Neste veke er det skulestart, og dermed er det behov for å sette fokus på at skulevegen skal være trygg for alle.  Ikkje minst kjem det ein ny årgang med førsteklassingar som er uvant til å ferdast i områder med mykje trafikk og hektisk aktivitet.  Ordførar Hugo Pedersen er oppteken av at skulevegen skal være trygg for alle, og dreg no igang ei haldningsskapane kampanje for å auke trafikksikkerheita.

Ola Dalsegg og Åse Berit Løseth representerte politiet på dagens pressetreff. Foto Jon Olav Ørsal

 

Det har lenge vore jobba med å lokalisere tiltak som kan auke trafikksikkerheita, men dette arbeidet har vorte hemma av dårleg kommuneøkonomi, slk at det har vore vanskeleg å få aktuelle tiltak inn på budsjettet.  Men det er den siste tida gjort ein del tiltak, slik som plan for skilting og betre styring av trafikken på skuleområdet – for eksempel vareleveransar, parkering og snørydding kan skje på ein trygg måte.  Det blir arbeidd for utbetring av krysset mot Buhagen inn på plana for neste år, og like eins er det behov for å auke kapasitet på krysset inn mot busslommen. 

Rektor GrundeWalseth SUBUS, Rektor Hilde Andersen Surnadal VGS, Kommunalsjef Kenneth Bergstad, Ola Dalsegg og ÅseBerit Løseth frå Politiet og Ordførar Hugo Pedersen. Foto Jon Olav Ørsal

Hilde Andersen som er rektor ved Surnadal VGS påpeika at det har vore fleire mestaulykker og at det hasta med å gjera tryggingstiltak for skuleområdet ved Øye. – Viktig at det kjøres haldningsskapande kampanje både ved skulestart og vidare utover hausten.  Dette gjeld både elevar og foreldre som køyrer elevar til skulen – her må regelverket følgjast.  Rektor Grunde Walseth påpeka at det er viktig at alle følgjer skiltinga og at det blir halde svært låg fart på skuleområdet.

Politiet vil være ekstra synlege ved skulestart og litt utover hausten.  Politiet var opptekne av at det skal brukas hjelm til motorsyklar og el-sparkesyklar.  Ola Dalsegg frå politiet poengterte at det vil halde eit ekstra auge med ulovlige el-syklar med stor fart, men poenterte også at det kveler eit foreldreansvar ved bruk av slikt utstyr. Politet var oppfordra til å kome med påtale når dei observerer farlege situasjonar med el-sparkesyklar og andre kjørty.  Politet bidreg kvart år med utdeling av refleksar til 1. og 5. klassingane

Både krysset ved innkjøringa til busslommen og til Buhagen er det behov for tiltak, men det står på pengar. Foto Jon Olav Ørsal

Ordførar Hugo Pedersen var litt bekymra for skuleskyssen ved skulestart.  Ordninga er litt omlagt, slik at det kan bli ein del elevar som ikkje får vidarefør det tilbudet dei har hatt.  Han meinte at dette vil føre til at fleire elevar må ut på vegen både morgon og ettermiddag i samband med start og slutt på skuledagen.  Dette ville han prøve å få gjort noko med, men torde ikkje å lova noko.  Tilslutt påpeka Pedersen av det er viktig at leiarane i ulike roller klarer å halde fokus og trykk på trafikksikkerheita gjennom hausten og vinteren .

 

Publisert: 11. august 2026, 16:21